Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Slik registrerer du endringar for eit bustadbyggelag

Sist oppdatert: 19. desember 2018 .

Om det skjer endringar på den informasjonen som er registrert på bustadbyggelaget, må du oppdatere opplysningane hos oss.

Her kan du sjå korleis du registrerer ulike opplysningar for bustadbyggelaget.

Korleis registrerer eg ny adresse?

Du registrerer ny adresse ved å sende inn Samordna registermelding.

Ny forretningsadresse

Forretningsadressa til eit bustadbyggelag skal vere ei norsk gateadresse eller stadnamn.

Ved endring av adresse til ny kommune må vedtektene endrast. Generalforsamlinga må godkjenne ei slik endring.

Ved endring til ny kommune må du legge ved

  • protokoll frå generalforsamlinga
  • oppdaterte vedtekter

Ny postadresse

Om du vil at posten skal bli send til ei anna adresse enn den registrerte forretningsadressa, kan du melde dette som postadresse.

Korleis registrerer eg nytt styre?

Når generalforsamlinga har vald nytt styre, skal du melde dette til oss. Nye styremedlemmer må stadfeste at dei tar på seg vervet.

Når du melder endring i styret må du legge ved

  • protokoll frå generalforsamlinga som viser vedtaket
Korleis registrerer eg ny dagleg leiar?

Du registrerer ny dagleg leiar ved å sende inn Samordna registermelding

Det er vanlegvis ingen krav til vedlegg. Unntaket er om du melder deg sjølv inn som dagleg leiar, og du ikkje har ei rolle i styret. Da må du legge ved protokoll frå styremøte som viser tilsettinga.

Korleis kan eg fråtre rolla mi i bustadbyggelaget?

Alle rolleinnehavarar kan melde eigen fråtreding ved å sende inn Samordna registermelding.

Når du fråtrer gir du avkall på alle rettar og plikter som rolla di har.

Ved melding om fråtreding som styre- eller varamedlem må du stadfeste at bustadbyggelaget er orientert.

Når fråtredinga er registrert vil både bustadbyggelaget og du som fråtrer bli varsla om dette.

Korleis registrerer eg ny revisor?

Når generalforsamlinga har vald ny revisor skal du melde dette til oss. Revisor må stadfeste at han tar på seg oppdraget.

Når du melder endring av revisor må du legge ved

  • protokoll frå generalforsamlinga som viser vedtaket.