Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Roller i bustadbyggelag

Sist oppdatert: 23. april 2019 .

Pliktige roller i eit bustadbyggelag er dagleg leiar, styre og revisor

Rekneskapsførar, signatur og prokura er roller du kan velje å registrere.

Styre

Eit bustadbyggelag skal ha eit styre som består av leiar og minst to styremedlemmer. Det skal i tillegg bli valt minst ein varamedlem. Generalforsamlinga vel styret men det kan fastsettast i vedtektene at valretten skal overførast til andre. Meir enn halvparten av styremedlemmene må likevel veljast av generalforsamlinga, dersom ikkje valretten er overført til vedtektsfesta lagsorgan. Valretten kan ikkje overførast til styret eller til ein styremedlem.

Styret vel sjølv sin leiar om ikkje generalforsamlinga har vald han. Dagleg leiar kan ikkje vere styreleiar, men kan bli vald til medlem av styret.

Når du skal registrere styre, må du legge ved

  • protokoll frå generalforsamlinga som viser valet

Nye styremedlemmer må signere Samordna registermelding, eller legge ved erklæring om at dei tar på seg vervet.

Kjønnsrepresentasjon i styret

Dersom bustadbyggelaget har fleire enn 1000 deleigarar på det tidspunktet valet skjer, skal begge kjønn vere representert når styret har to eller tre medlemmer. Begge kjønn skal vere representert med minst

  • to når styret har fire eller fem medlemmer
  • tre når styret har seks til åtte medlemmer
  • fire når styret har ni medlemmer
  • 40 prosent dersom styret har fleire enn ni medlemmer

Reglane gjeld tilsvarande ved val av varamedlemmer. Styremedlemmer og varamedlemmer skal vurderast kvar for seg.

Når det skal veljast to eller fleire representantar for dei tilsette som styremedlemmer, skal begge kjønn vere representert. Det same gjeld for varamedlemmer til desse. Styremedlemmer og varamedlemmer blir vurderte kvar for seg.

Ver merksam på at dersom eitt av kjønna utgjer mindre enn 20 prosent av samla tal på tilsette i bustadbyggelaget på det tidspunktet valet skjer, gjeld ikkje reglane om kjønnsrepresentasjon blant dei tilsette sine styre- og varamedlemmer. De må da stadfeste at delen er under 20 prosent.

Revisor

Eit bustadbyggelag skal ha ein eller fleire statsautoriserte eller registrerte revisorar. Revisor må vere registrert eller statsautorisert. Revisor blir vald av generalforsamlinga og må stadfeste at han tar på seg oppdraget.

Når du skal registrere revisor, må du legge ved

  • protokoll frå generalforsamlinga som viser valet
  • viljeserklæring frå revisor
Rekneskapsførar

Bustadbyggelaget kan velje om dei skal ha rekneskapsførar. Om bustadbyggelaget skal ha rekneskapsførar, må du registrere dette hos oss.

Det er berre mogleg å registrere autoristerte rekneskapsførarar som er registrerte i Rekneskapsførarregisteret.

Rekneskapsførar må stadfeste at han tar på seg oppdraget.

Dagleg leiar

Eit bustadbyggelag har plikt til å ha dagleg leiar som er tilsett av styret.

Dagleg leiar skal alltid vere ein fysisk person som er 15 år eller eldre.

Signatur

Signatur er ei fullmakt til å opptre og underskrive på vegner av bustadbyggelaget i alle samanhengar.

Styret i fellesskap har i utgangspunktet signatur. Styret kan gi signatur til styremedlemmer, dagleg leiar eller namngitte tilsette, anten kvar for seg eller i fellesskap.

Om ikkje alle styremedemmene har signert i skjemaet, må du legge ved protokoll frå styremøtet som viser avgjersla om kven som skal ha signatur.

Prokura

Prokura er ei fullmakt til å opptre og underskrive på vegner av bustadbyggelaget i samband med den daglege drifta. Den som har prokura kan ikkje ta opp lån på vegner av eller selje bustadbyggelaget sin faste eigedom.

Styret kan gje prokura til ein eller fleire personar. Om det er fleire, må de oppgi om dei skal ha prokura kvar for seg eller i fellesskap. Avgrensingar ut over dette, som til dømes tidsmessige eller beløpsmessige, kan ikkje bli registrert.

Prokura kan tilbakekallast av styret kor tid som helst.