Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Stifte og registrere burettslag

Her kan du registrere burettslag, og du kan sjå kva krav som gjeld ved stiftelse og registrering.

Eit burettslag skal registrerast i Føretaksregisteret. Fristen er tre månader frå stiftelsesdokumentet er underskriven av stiftarane.

For å stifte eit burettslag må stiftarane oppretta eit stiftelsesdokument

Stiftarane er dei som skal teikne delane i laget. Bustadbyggelag eller ein annan utbyggar kan stifte burettslaget åleine, om dei teiknar minst to delar. Dei andre stiftarane må vere minst to fysiske personar, og som hovudregel kan kvar av dei berre eige ein del kvar. Teikning skal skje i stiftelsesdokumentet. Delane skal vere like stor og minst kr 5.000,-, men ikkje større enn kr 20.000,-.

Registrere borettslaget

Når du skal registrere eit burettslag må du legge ved

  • stiftelsesdokument
  • vedtekter
  • bygge- og finansieringsplan
  • opningsbalanse
  • stadfesting frå revisor om at opningsbalansen er sett opp i samsvar med rekneskapslova sine føresegn
  • erklæring frå revisor som viser innbetaling
  • erklæring frå revisor om at han tar på seg oppdraget

Styremedlemmene må stadfeste i Samordna registermelding at dei tar på seg vervet. Det same må ein eventuell rekneskapsførar gjere.

Krav til stiftelsesdokument

Stiftelsesdokumentet skal minst innehalde

  • burettslaget sitt namn
  • vedtekter
  • namn og fødselsnummer eller organisasjonsnummer for alle stiftarane
  • adresse for alle stiftarane
  • oversikt over kven som eig delane
  • tidspunkt for innbetaling av delane
  • opplysning om kven som er vald til styre og revisor
Krav til vedtekter

Vedtektene skal minst innehalde opplysning om

  • namn på burettslaget, som skal innehalde ordet burettslag eller forkortinga BRL
  • kommune der burettslaget skal ha forretningskontoret sitt
  • pålydande verdi på delane
  • lågaste og høgaste tal på styremedlemmer
  • at den ordinære generalforsamlinga skal behandle
    • godkjenning av årsrekneskapen og årsmeldinga
    • andre saker som etter lova eller vedtektene høyrer under generalforsamlinga

I tillegg må det gå fram av vedtektene om burettslaget ikkje skal ha forretningsførar.