Språk
S√łk
Meny

S√łk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Slik registrerer du endringar for eit tingsrettsleg sameige

Sist oppdatert: 10. oktober 2019 .

Om du √łnsker √• gjere endringar p√• den informasjonen som er registrert p√• eit tingsrettsleg sameige, m√• du sende inn Samordna registermelding.

Korleis registrerer eg ny adresse?

Du registrerer ny adresse ved å sende inn Samordna registermelding. Du kan velje om du vil endre forretningsadresse eller postadresse.

√ėnsker du at sameiget berre skal vere registrert med ei postadresse hos oss, m√• du hugse √• fjerne gammal forretningsadresse i skjemaet.

Vil du bruke adressa til ein av sameigarane som sameiget si adresse, må du bruke c/o. adresse. Sjå eksempelet under:

Sameiet Sommerro
c/o Kari Nordmann
Utsikten 54
8908 Br√łnn√łysund

Korleis registrerer eg ny dagleg leiar, kontaktperson eller forretningsf√łrar

N√•r sameiget har f√•tt ny dagleg leiar, kontaktperson eller forretningsf√łrar, skal du sende inn dei nye opplysningane i Samordna registermelding.

Vi krev ingen vedlegg.

Korleis registrerer eg nytt styre?

Når sameiget har vald nytt styre, skal du sende inn Samordna registermelding.

Du må legge ved

  • protokoll fr√• sameigarm√łte som viser kven som er vald til nytt styre
Korleis registrerer eg ny signaturrett?

Du sender inn Samordna registermelding for å endre kven som har signaturrett i sameiget.

Du må legge ved

  • ein samstemmig avtale mellom sameigarane

eller

  • vedtekter som er samstemmig vedtatt

Det må gå tydeleg fram av dokumentasjonen at signatur er gitt, og om han er gitt i fellesskap eller kvar for seg.

Korleis kan eg fråtre rolla mi i sameiget

Alle rolleinnehavarar kan melde eigen fråtreding. Når du fråtrer gir du avkall på alle rettar og pliktar som rolla di har. Du kan gjere dette i Samordna registermelding. Når fråtredinga er registrert, vil både sameiget og du som fråtrer bli varsla om dette.