Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Slik registrerer du endringar for eit burettslag

Sist oppdatert: 21. mai 2019 .

Om det skjer endringar på den informasjonen som er registrert på burettslaget, må du oppdatere opplysningane hos oss.

Her kan du sjå korleis du registrerer ulike opplysningar for burettslaget.

Korleis registrerer eg ny adresse?

Du registrerer ny adresse ved å sende inn Samordna registermelding.

Ny forretningsadresse

Forretningsadressa til eit burettslag skal vere ei norsk gateadresse eller stadnamn.

Ved endring av adresse til ny kommune må vedtektene endrast. Generalforsamlinga må godkjenne ei slik endring.

Ved endring til ny kommune må du legge ved

  • protokoll frå generalforsamlinga
  • oppdatere vedtekter

Ny postadresse

Om du vil at posten skal bli send til ei anna adresse enn den registrerte forretningsadressa, kan du melde dette som postadresse.

Korleis registrerer eg nytt styre?

Når generalforsamlinga har vald nytt styre, skal du melde dette i Samordna registermelding. Nye styremedlemmer må stadfeste at dei tar på seg vervet.

Når du melder endring i styret må du legge ved

  • protokoll frå generalforsamlinga som viser vedtaket
Korleis registrerer eg ny forretningsførar?

Du registrerer ny forretningsførar ved å sende inn Samordna registermelding

Det er vanlegvis ingen krav til vedlegg

Unntaket er om du melder deg sjølv inn som forretningsførar, og du ikkje har roller i styret. Da må du legge ved protokoll frå styremøte som viser tilsettinga.

Korleis kan eg fråtre rolla mi i burettslaget?

Alle rolleinnehavarar kan melde eigen fråtreding ved å sende inn Samordna registermelding.

Når du fråtrer gir du avkall på alle rettar og pliktar som rolla di har.

Ved melding om fråtreding som styre- eller varamedlem må du stadfeste at burettslaget er orientert.

Når fråtredinga er registrert vil både burettslaget og du som fråtrer bli varsla om dette.

Korleis registrerer eg ny revisor?

Når generalforsamlinga har vald ny revisor, registrerer du dette ved å sende inn Samordna registermelding.

Du må legge ved

  • protokoll frå generalforsamlinga som viser vedtaket.

Revisor må stadfeste at han tar på seg oppdraget.