Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Roller i burettslag

Sist oppdatert: 21. mai 2019 .

Pliktige roller i eit burettslag er styre og revisor

Forretningsførar, kontaktperson, rekneskapsførar, signatur og prokura er roller du kan velje å registrere.

Styre

Eit burettslag skal ha eit styre som består av leiar og minst to styremedlemmer. Det kan i tillegg bli valt varamedlemmer. Generalforsamlinga vel styret og kven som skal vere leiar. Dette betyr at styret ikkje kan velje leiaren sin sjølv.

Når du skal registrere styre, må du legge ved

  • protokoll frå generalforsamlinga som viser valet

Nye styremedlemmer må signere Samordna registermelding, eller legge ved erklæring om at dei tar på seg vervet.

Revisor

Eit burettslag skal ha ein eller fleire revisorar. Revisor må vere registrert eller statsautorisert. Generalforsamlinga vel revisor.

Når du skal registrere revisor, må du legge ved

  • protokoll frå generalforsamling som viser valet
  • erklæring frå revisor om at han tar på seg oppdraget
Rekneskapsførar

Burettslaget kan velje om dei skal ha rekneskapsførar eller ikkje. Om burettslaget skal ha rekneskapsførar, må du registrere dette hos oss.

Det er berre muleg å registrere autoristerte rekneskapsførarar som er registrert i Rekneskapsførarregisteret.

Rekneskapsførar må stadfeste at han tar på seg oppdraget.

Forretningsførar, dagleg leiar og kontaktperson

Eit burettslag har som hovudregel plikt til å ha forretningsførar, om ikkje anna er bestemt i vedtektene. Forretningsførar kan vere ein juridisk person, som for eksempel eit aksjeselskap, eller ein fysisk person som er 15 år eller eldre.

Burettslaget kan ha dagleg leiar, men berre om dei har forretningsførar i tillegg.

Om forretningsførar er ein juridisk person eller det er fastsett i vedtektene at burettslaget ikkje skal ha forretningsførar, kan burettslaget velje å ha kontaktperson.

Signatur

Signatur er ei fullmakt til å opptre og underskrive på vegner av burettslaget i alle samanhengar.

Styret i fellesskap har i utgangspunktet signatur. Styret kan gje styremedlemmer eller forretningsførar signatur, anten kvar for seg eller i fellesskap.

Om ikkje alle styremedemmene har signert Samordna registermelding, må du legge ved protokoll frå styremøtet som viser avgjersla om kven som skal ha signatur.

Prokura

Prokura er ei fullmakt til å opptre og underskrive på vegner av burettslaget i samband med den daglege drifta. Den som har prokura kan ikkje ta opp lån på vegner av eller selje burettslaget sin faste eigedom.

Styret kan gje prokura til ein eller fleire personar. Om det er fleire, må de oppgi om dei skal ha prokura kvar for seg eller i fellesskap. Avgrensingar ut over dette, som til dømes tidsmessige eller beløpsmessige, kan ikkje bli registrert.

Prokura kan tilbakekallast av styret kor tid som helst.