Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Sletting av eit ansvarleg selskap

Sist oppdatert: 31. juli 2019 .

Sletting av eit ansvarleg selskap melder du i to trinn.

Først melder du oppløysing. Når kreditorfristen på seks veker er ute, kan du melde sletting.

Oppløysing

Hovudregelen er at selskapsmøtet avgjer at selskapet skal oppløysast.

Ved avgjerd om oppløysing kan selskapsmøtet også velje eit avviklingsstyre. Dersom selskapet har eit styre eller ein dagleg leiar, trer desse ut av funksjon. Selskapsmøtet kan avgjere at eit eventuelt sittande styre skal vere avviklingsstyre.

Du må legge ved

  • protokoll frå selskapsmøtet som viser avgjerd om oppløysing og eventuelt val av avviklingsstyre

Dersom det vert valt nye styremedlemmar til eit eventuelt avviklingsstyre, må desse signere meldinga eller legge  ved ei stadfesting på at dei tek på seg vervet (viljeserklæring).

Føretaksregisteret kunngjer vedtaket om oppløysing. Kreditorfristen på seks veker gjeld frå datoen for kunngjering på nettsidene våre.

Sletting

Selskapsmøtet vedtek at selskapet skal slettast. Dette kan dei gjere etter at kreditorfristen på seks veker er ute.

Ved avgjerd om sletting må selskapsmøtet godkjenne det endelege avviklingsoppgjeret.

Du må legge ved

  • protokoll frå selskapsmøtet som viser at avviklingsrekneskapen har vorte godkjend
Omgjering av oppløysing

Selskapsmøtet kan gjere om vedtak om oppløysing.

Du må raskt melde omgjeringa til Føretaksregisteret.

Du må legge ved

  • protokoll frå selskapsmøtet som viser vedtak om omgjering av oppløysing

Ikon Se eksempel på innhald i selskapmøteprotokoll (PDF)