Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Fråval av revisjon

Sist oppdatert: 11. juni 2019 .

Enkelte aksjeselskap kan velje at årsrekneskapen til selskapet ikkje skal reviderast. Dette kallar vi fråval av revisjon.

Du må sende inn årsrekneskapen sjølv om han ikkje skal reviderast.

Selskapet ditt kan velje bort revisjon dersom

  • driftsinntektene er lågare enn 5 millioner kroner
  • balansesummen er lågare enn 20 millioner kroner
  • gjennomsnittleg tal på tilsette er 10 eller mindre

Du kan ikkje velje bort revisjon dersom selskapet

  • driv med apotek- eller advokatverksemd
  • er godkjent som entreprenør etter lotterilova
  • er morselskap i konsern og heile konsernet har
    • driftsinntekt på 5 millionar kroner eller meir
    • balansesum på 20 millionar kroner eller meir, og
    • 10 eller fleire tilsette
  • er under tilsyn av Finanstilsynet
  • er pålagt revisjon av liknings- eller avgiftsmyndigheitene

Om selskapet skal ha revisor, må revisor bli vald på stiftelsesmøte eller av generalforsamling.

Kva gjer eg om selskapet ikkje skal ha revisor?

Skal du melde fråval for eit selskap som allereie har registrert revisor, må du legge ved generalforsamlingsprotokoll i inneverande år som viser at selskapet har vedtatt fråval av revisjon. Fråval av revisjon melder du i Samordna registermelding.

Frist for å melde fråval av revisjon

Med fleirtal som for vedtektsendring kan generalforsamlinga vedta at årsrekneskapane for selskapet ikkje skal reviderast for dette rekneskapsåret eller seinare. Etterpå må du straks sende inn melding til Føretaksregisteret. Meldinga må vere mottatt hos oss få dagar etter generalforsamlinga sitt vedtak. Fråvalet gjeld ikkje før det er registrert.