SprÄk
SĂžk
Meny

SĂžk


Velg sprÄk



BokmÄl

Alt innhold er tilgjengelig pÄ bokmÄl

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg pÄ nynorsk

Elektronisk stiftelse av aksjeselskap

Sist oppdatert: 14. august 2019 .

Denne tenesta brukar du nÄr du skal stifte eit aksjeselskap.

Du fyller ut og signerer, og fÄr stiftelsesdokumentet rett i innboksen din i Altinn.

Du vil fÄ hjelp til utfyllinga undervegs og opplysningar vert kontrollerte mot dei regelverka som gjeld. Tenesta gjer det enklare bÄde for dei som skal stifte eit aksjeselskap for fÞrste gong og for dei meir erfarne. Ho passar like godt om du skal stifte selskapet aleine eller saman med andre.

NĂ„r er selskapet stifta?

Selskapet er stifta nÄr alle har signert og dei fÄr ei tilbakemelding i Altinn. Utfyllar, stiftarar (eventuelt fullmektige) og revisor fÄr meldinga. Meldinga inneheld stiftelsesdokument, vedtekter og eventuelt utgreiing.

Registrering i FĂžretaksregisteret

Etter at selskapet er stifta mÄ du sende ei registreringsmelding til FÞretaksregisteret. Det er fÞrst nÄr selskapet vert registrert her at det fÄr eit organisasjonsnummer og ein firmaattest.

Fristen for registrering i FÞretaksregisteret er tre mÄnader frÄ selskapet er stifta.

For Ä registrere selskapet mÄ du nytte lenka «GÄ til registrering i FÞretaksregisteret» som du finn i tilbakemeldinga i innboksen. Du vil dÄ fÄ ei registermelding som er fylt ut med opplysningar som er henta frÄ stiftelsesdokumentet. Stiftelsesdokumentet og vedtektene vil ogsÄ vere lagde ved som vedlegg.

Avgrensingar i tenesta

Det er i denne versjonen ikkje mogleg Ä legge til andre avtalar mellom stiftarane enn dei som etter aksjelova § 2-4 skal gÄ fram av stiftelsesdokumentet.