Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Slik startar du eit aksjeselskap

1
Starte selskapet

Starte selskapet

Når du skal starte eit aksjeselskap må du først stifte selskapet.

For å starte eit aksjeselskap må du opprette eit stiftelsesdokument. Før du gjer dette kan det vere lurt å tenke gjennom forhold som kven som skal sitte i selskapet sitt styre og kva skal selskapet heite. Du må også vurdere om selskapet treng å ha revisor og kven dette i så fall skal vere.

Styre og namn til selskapet

Eit aksjeselskap må ha eit styre som består av minst eitt medlem. Val av styre skal gå fram av stiftelsesdokumentet. Stiftarane må også ta stilling til kva selskapet skal heite. Sjå informasjon om val av namn.

Treng selskapet revisor?

Om selskapet vel å ha revisor må dette gå fram av stiftelsesdokumentet. Enkelte aksjeselskap kan velje at selskapet sin årsrekneskap ikkje skal reviderast, om ein del kriterier er oppfylt. Dette kallar vi fråval av revisjon. Ver merksam på at du må sende inn årsrekneskapen til Rekneskapsregisteret sjølv om det ikkje skal reviderast.

Stift selskapet

Nå er du klar til å stifte aksjeselskapet. Den enklaste måten å gjere det på er å bruke vårt elektroniske stiftelsesdokument.

For å starte eit aksjeselskap må stiftarane opprette eit stiftelsesdokument. Stiftarane er dei som startar opp selskapet og som skal eige aksjar. Dette kan vere ein eller fleire fysiske eller juridiske personar, som til dømes aksjeselskap eller ansvarleg selskap.

Vel du elektronisk stiftelsesdokument, vil du få hjelp til utfyllinga undervegs, og opplysningar blir kontrollert mot dei regelverka som gjeld. Du kan da vere trygg på at innhaldet i stiftelsesdokumentet blir korrekt.

Når skjemaet er ferdig utfylt, må alle som har aksjar i selskapet signere stiftelsesdokumentet elektronisk. Vi sender melding om dette til alle som skal signere. Meldinga finn du i innboksen i Altinn.

Registrer selskapet

Etter at alle har signert, vil du få det ferdige stiftelsesdokumentet i innboksen din i Altinn. Da følger det også med vedtekter for selskapet, som er satt opp på grunnlag av det du har fylt ut i skjemaet.

For å registrere selskapet må du velje «Gå til registrering i Føretaksregisteret». Du går da direkte vidare til utfylling av Samordna registermelding, og opplysningar du har fylt inn i stiftelsesdokumentet blir direkte overført til dette skjemaet.