Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Forside bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Forside nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Slik registrerer du endringar for aksjeselskapet ditt

Sist oppdatert: 19. juni 2020 .

Dersom du ønsker å endre informasjonen som er registrert på selskapet, må du sende inn Samordna registermelding.

Korleis registrerer eg ny adresse?

Du registrerer ny adresse ved å sende inn Samordna registermelding.

Ny forretningsadresse

Forretningsadressa til eit aksjeselskap skal vere ei norsk gate- eller vegadresse eller eit stadnamn.

Ny postadresse

Du er ikkje nøydd til å melde ei eiga postadresse. Om du ønsker posten sendt til ei anna adresse, kan du melde dette som postadresse.

Korleis registrerer eg nytt styre?

Når selskapet har valt nytt styre, skal du melde det i Samordna registermelding.

Generalforsamlinga må velje styret.

Du må legge ved

  • protokoll frå generalforsamlinga som viser vedtaket
Korleis registrerer eg ein ny dagleg leiar?

Når selskapet tilset dagleg leiar, skal du melde dette i Samordna registermelding.

Vanlegvis er det ingen krav til vedlegg

Unntaket er om du som dagleg leiar sjølv sender inn melding, og du ikkje har roller i styret. Da må du legge ved

  • protokoll frå styret som viser innsettinga
Korleis registrerer eg ny signatur?

Når selskapet endrar signatur, skal du melde dette i Samordna registermelding.

Du må legge ved

  • protokoll frå styremøtet som viser tildeling av signatur, dersom heile styre ikkje har signert i skjemaet

Det må gå tydeleg fram at signatur er tildelt og om den er gitt i fellesskap eller kvar for seg.

Korleis registrerer eg ein meldepliktig avtale etter § 3-8?

Avtale med ein aksjeeigar, aksjeeigar sitt morselskap, ein styremedlem eller dagleg leiar der selskapet skal motta eigedelar, tenester eller ytingar mot betaling som utgjer meir enn 2,5 prosent av balansesummen i selskapet sitt siste godkjente årsrekneskap, må vere godkjent styret for å vere gyldig. Dette gjeld også når avtalen er inngått med nokre i nær relasjon til aksjeeigar, aksjeeigar sitt morselskap, ein styremedlem, dagleg leiar eller nokon som handlar på vegner av desse.

Styret må utarbeide ei utgreiing for avtalen. I tillegg skal styret gje ei erklæring om at

  • avtalen er i selskapet si interesse,
  • det er rimeleg samsvar mellom verdien av det selskapet skal ut med og verdien av det selskapet skal få, og
  • at kravet til forsvarleg eigekapital og likviditet er oppfylt.

Utgreiinga og styret si erklæring skal vere datert,  og signert av heile styret. Utgreiinga skal også vere stadfesta av revisor.

Du må legge ved

  • utgreiing som er signert av heile styret
  • erklæring frå styret
  • revisor si stadfesting av utgreiinga
Korleis registrerer eg at selskapet ikkje skal ha revisor?

Skal du melde fråval for eit selskap som allereie har registrert revisor, må du legge ved

  • generalforsamlingsprotokoll

Meir informasjon om revisjon finn du under «Nyttige lenker» til høgre på denne sida.

Korleis registrerer eg nytt namn?

Du registrerer nytt namn ved å sende inn Samordna registermelding.

Det er generalforsamlinga som vedtek nytt namn. Endringa inneber endring av vedtektene til selskapet.

Du må legge ved

  • generalforsamlingsprotokoll
  • oppdaterte vedtekter

På sida Korleis vel eg namn på selskapet mitt? kan du lese meir om val av namn og kva omsyn du må ta.

Korleis kan eg fråtre rolla mi i selskapet?

Alle rolleinnehavarar kan melde eigenfråtreding. Når du fråtrer, gir du avkall på alle rettigheiter og plikter som rolla di har. Du kan gjere dette i Samordna registermelding. Når fråtredinga er registrert, vil både aksjeselskapet og du som fråtrer bli varsla om dette.