Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Trekantfusjon

Sist oppdatert: 17. desember 2018 .

Du kan melde trekantfusjon når det overtakande selskapet inngår i eit konsern og aksjeeigarane i det overdragande skal få aksjar i morselskapet til det overtakande selskapet i staden for i det overtakande selskapet.

Trekantfusjon melder du til Føretaksregisteret i to trinn. Desse to trinna er avgjerd om fusjon og gjennomføring av fusjon. Når vi har godkjent meldingar som gjeld fusjon, sender vi tilbakemelding og firmaattest i posten.

Avgjerd om fusjon

Når fusjon blir meld elektronisk i Samordna registermelding, er det eit felles skjema for selskapa. Dersom du ikkje nyttar elektronisk innsending må du sende inn melding om avgjerd av fusjon for dei(det) overdragande selskap (selskapet) og det overtakande selskapet.

Frå selskapa som tek del i fusjonen har avgjort å godkjenne fusjonsplanen, har du ein månads frist til å melde avgjerda om fusjon til Føretaksregisteret. Fristen på ein månad gjeld frå det siste selskapet har godkjent fusjonsplanen.

Vert ikkje meldinga send til Føretaksregisteret innan fristen, fell vedtaket bort.

Følgande dokument må leggast ved meldinga

Overdragande selskap skal legge ved

  • protokoll frå generalforsamlinga som viser godkjenning av fusjonsplanen

Overtakande selskap skal legge ved

  • protokoll frå generalforsamlinga som viser godkjenning av fusjonsplanen
Gjennomføring av fusjon

Etter at du har meldt avgjerd om fusjon og kreditorfristen på seks veker har gått ut, kan du melde gjennomføring av fusjon. Det er ingen frist for når du må melde gjennomføring til Føretaksregisteret. Både overtakande selskap og selskapet som skal dele ut fusjonsvederlaget må sende inn skjema. Dersom gjennomføring av fusjon blir meldt på papirskjema må du også sende inn slettemelding frå det overdragande selskapet.

Følgande dokument må leggast ved meldingane

Det overtakande selskap skal legge ved

  • erklæring frå styret om at eigarforholda i konsernet etter gjennomføringa av fusjonen oppfyller kravet om 90 % eigarforhold

Selskapet som deler ut vederlag skal legge ved

  • protokoll frå generalforsamlinga som viser vedtak om kapitalauke
  • vedtekter
  • utgreiing om tingsinnskot, stadfesta av revisor