Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Fusjon ved opptak

Sist oppdatert: 31. oktober 2018 .

Du kan registrere fusjon ved opptak når eit selskap overdreg alle eigedelar, rettar og forpliktingar til eit anna selskap, mot at aksjeeigarane får vederlag i form av aksjar i det overtakande selskapet.

Fusjon ved opptak melder du til Føretaksregisteret i to trinn. Desse to trinna er avgjerd om fusjon og gjennomføring. Når vi har godkjent meldingar som gjeld fusjon, sender vi tilbakemelding og firmaattest i posten.

Ønsker du meir informasjon om avgjerd om fusjon ved opptak, sjå aksjelova kapittel 13.

Avgjerd om fusjon

Når du melder fusjon elektronisk i Samordna registermelding, er det eitt felles skjema for alle selskapa som deltek i fusjonen. Dersom du ikkje nyttar elektronisk innsending, må du sende inn melding om avgjerd om fusjon for kvart av selskapa som deltek i fusjonen.

Frå selskapa som tek del i fusjonen har avgjort å godkjenne fusjonsplanen, har du ein månads frist til å melde avgjerd  om fusjon til Føretaksregisteret. Fristen på ein månad gjeld frå det siste selskapet har godkjent fusjonsplanen.

Vert ikkje meldinga send til Føretaksregisteret innan fristen, fell vedtaket bort.

Overdragande selskap må legge  ved

  • protokoll frå generalforsamlinga som har godkjent fusjonsplanen.

Overtakande selskap må legge  ved

  • protokoll frå generalforsamlinga som har godkjent fusjonsplanen, eventuelt styreprotokoll dersom styret har godkjent fusjonsplanen.
Gjennomføring av fusjon

Etter at du har meldt avgjerda om fusjon og kreditorfristen på seks veker har gått ut, kan du melde gjennomføring av fusjonen. Det er ingen frist for når du må melde gjennomføring til Føretaksregisteret.

Det er ingen krav til vedlegg for slettemeldinga sendt inn av overdragande selskap. Om du melder gjennomføringa elektronisk, må ikkje det overdragande selskapet sende eiga slettemelding.

Overtakande selskap skal legge ved

  • protokoll frå generalforsamlinga eller styremøtet som viser vedtak om kapitalauke
  • vedtekter
  • utgreiing om tingsinnskotet stadfesta av revisor

Dersom selskapet nyttar eigne aksjar som vederlag til aksjeeigarane i overdragande selskap, må det gå fram at eigne aksjar vert nytta til utdeling.