Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Fusjon ved nystiftelse

Sist oppdatert: 31. oktober 2018 .

Fusjon ved nystiftelse vert meld når to eller fleire selskap ved fusjon går saman til eit nytt selskap.

Fusjon ved nystiftelse melder du til Føretaksregisteret i to trinn. Desse to er avgjerd om fusjon og gjennomføring av fusjon. Når vi har godkjent meldingar som gjeld fusjon, sender vi tilbakemelding og firmaattest i posten.

Ønsker  du meir informasjon om vedtak om fusjon ved nyregistrering, sjå aksjelova kapittel 2 og kapittel 13.

Avgjerd om fusjon

Når fusjon blir meld elektronisk i Samordna registermelding, er det eitt felles skjema for dei overdragande selskapa. Dersom du ikkje nyttar elektronisk innsending, må du sende inn melding om avgjerd av fusjon for alle dei overdragande selskapa som deltek i fusjonen.

Frå dei overdragande selskapa i fusjonen har avgjort å godkjenne fusjonsplanen, har du ein månads frist til å melde avgjerd om fusjon til Føretaksregisteret. Fristen på ein månad gjeld frå det siste selskapet har godkjent fusjonsplanen.

Vert ikkje meldinga send til Føretaksregisteret innan fristen, fell vedtaket bort.

Overdragande selskap skal legge ved

  • protokoll frå generalforsamlinga som viser godkjenning av fusjonsplanen
Gjennomføring av fusjon

Etter at du har meldt avgjerd om fusjon og kreditorfristen på seks veker har gått ut, kan du melde gjennomføring av fusjon. Det er ingen frist for når du må melde gjennomføring til Føretaksregisteret.

Det er ingen krav til vedlegg for slettemelding sendt inn av overdragande selskap. Om du melder gjennomføringa elektronisk, må ikkje det overdragande selskapet sende eiga slettemelding.

Overtakande selskap som blir stifta ved fusjon skal legge ved

  • stiftelsesdokument
  • vedtekter
  • utgreiing om tingsinnskotet, stadfesta frå revisor