Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Fusjon mellom selskap med same eneeigar

Sist oppdatert: 7. november 2018 .

Du kan registrere fusjon mellom selskap med same eigar når begge selskapa i fusjonen er heileigde av same eigar.

Fusjon mellom selskap med same eigar melder du til Føretaksregisteret i to trinn. Desse to trinna er avgjerd om fusjon og gjennomføring. Når vi har godkjent meldingar som gjeld fusjon, sender vi tilbakemelding og firmaattest i posten.

Ønsker du meir informasjon om fusjon mellom selskap med same eneeigar, sjå aksjelova § 13-24.

Avgjerd om fusjon

Når du melder fusjon elektronisk i Samordna registermelding, er det eitt felles skjema for alle selskapa som deltek i fusjonen. Dersom du ikkje nyttar elektronisk innsending, må du sende inn melding om avgjerd om fusjon for kvart av selskapa som deltek i fusjonen.

Frå selskapa som tek del i fusjonen har avgjort å godkjenne fusjonsplanen, har du ein månads frist til å melde avgjerd om fusjon til Føretaksregisteret. Fristen på ein månad gjeld frå det siste selskapet har godkjent fusjonsplanen.

Vert ikkje meldinga send til Føretaksregisteret innan fristen, fell vedtaket bort.

Følgande dokument må leggast ved meldinga

Overdragande selskap skal legge ved

  • protokoll frå generalforsamlinga som viser godkjenning av fusjonsplanen

Overtakande selskap skal legge ved

  • protokoll frå generalforsamlinga som viser godkjenning av fusjonsplanen
Gjennomføring av fusjon

Etter at du har meldt avgjerd om fusjon og kreditorfristen på seks veker har gått ut, kan du melde gjennomføring av fusjon. Det er ingen frist for når du må melde gjennomføring til Føretaksregisteret.

Følgande dokument må leggast ved meldinga

Det er ingen krav til vedlegg for slettemelding sendt inn av overdragande selskap. Om du melder gjennomføringa elektronisk, må ikkje det overdragande selskapet sende eiga slettemelding.

Det er ingen krav til vedlegg for melding sendt inn av overtakande selskap.