Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Fusjon mellom mor- og heileigd dotterselskap

Sist oppdatert: 31. oktober 2018 .

Du kan registrere fusjon mellom mor- og dotterselskap når morselskapet eig alle aksjane i selskapet som skal fusjonerast inn i morselskapet.

Fusjon mellom mor- og dotterselskap melder du til Føretaksregisteret i to trinn. Desse to trinna er avgjerd om fusjon og gjennomføring. Når vi har godkjent meldingar som gjeld fusjon, sender vi tilbakemelding og firmaattest i posten.

Avgjerd om fusjon

Når du melder fusjon elektronisk i Samordna registermelding, er det eitt felles skjema for alle selskapa som deltek i fusjonen. Dersom du bruker det gamle papirskjemaet, må du sende inn melding om avgjerd om fusjon for kvart av selskapa som deltek i fusjonen.

Frå selskapa som tek del i fusjonen har avgjort å godkjenne fusjonsplanen, har du ein månads frist til å melde avgjerd om fusjon til Føretaksregisteret. Fristen på ein månad gjeld frå det siste selskapet har godkjent fusjonsplanen.

Vert ikkje meldinga send til Føretaksregisteret innan fristen, fell vedtaket bort.

Følgande dokument må du legge ved meldinga

Overdragande dotterselskap skal legge ved

  • protokoll frå styremøtet som viser godkjenning av fusjonsplanen

Overtakande morselskap skal legge ved

  • protokoll frå styremøtet som viser godkjenning av fusjonsplanen
Gjennomføring av fusjon

Du kan melde gjennomføring av fusjonen når kreditorfristen på seks veker har gått ut. Det er ingen frist for når du må melde gjennomføring til Føretaksregisteret.

Følgande dokument må du legge ved meldinga

Det er ingen krav til vedlegg for melding som overtakande morselskap skal sende inn.

Om du bruker det gamle papirskjemaet, må også dotterselskap sende inn melding.

Ønsker du meir informasjon om fusjon mellom mor- og heileigd dotterselskap, sjå aksjelova § 13-23.