Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Trekantfisjon

Sist oppdatert: 31. oktober 2018 .

Trekantfisjon kan meldast dersom det overtakande selskapet inngår i eit konsern, og aksjeeigarane i det overdragande selskapet skal få aksjar i morselskapet til det overtakande selskapet eller anna konsernselskap i staden for i det overtakande selskapet.

Overtakande selskap må vere eit eksisterande selskap.

Fisjonen kan følge reglane om fisjon ved kapitalnedsetting eller fisjon ved oppløysing (likvidasjon).

Trekantfisjon melder du til Føretaksregisteret i to trinn. Desse to trinna er avgjerd om fisjon og gjennomføring. Når vi har godkjent meldingar som gjeld fisjon, sender vi tilbakemelding og firmaattest i posten.

Avgjerd om fisjon

Du skal sende inn melding om avgjerd om fisjon for alle selskapa som tek del i fisjonen. Dersom opplysningane vert melde via altinn.no er det eit felles skjema for overdragarar og eventuelle eksisterande selskap.

Frå selskapa som tek del i fisjonen har avgjort å godkjenne fisjonsplanen, har du ein månads frist til å melde avgjerd om fisjon til Føretaksregisteret. Fristen på ein månad gjeld frå når det siste selskapet har godkjent fisjonsplanen.

Dersom meldinga ikkje vert send til Føretaksregisteret innan fristen, fell vedtaket bort.

Overdragande selskap skal legge ved

  • protokoll frå generalforsamlinga som har godkjent fisjonsplanen

Overtakande selskap skal legge ved

  • protokoll frå generalforsamlinga som har godkjent fisjonsplanen

 

Gjennomføring

Etter at du har meldt avgjerd om fisjon og kreditorfristen på seks veker har gått ut, kan du melde gjennomføringa av fisjonen.

Overdragande selskap ved fisjon ved kapitalnedsetting skal legge ved

  • ajourhaldne vedtekter

Overdragende selskap ved likvidasjonsfisjon skal legge ved

Det er ikkje krav til vedlegg dersom det overdragande selskapet vert sletta som følge  av fisjonen.

Dersom gjennomføringa av fisjonen vert meld via altinn.no skal det ikkje sendast inn eiga slettemelding frå det overdragande selskapet.

Eksisterande overtakande selskap skal legge ved

  • erklæring frå styret om at eigarforholda i konsernet ved gjennomføringa av fisjonen oppfyller kravet om 90 % eigarforhold jf. aksjelova § 13-16

Vederlagsutskrivande selskap skal legge ved

  • protokoll frå generalforsamlinga som viser vedtak om kapitalauke
  • vedtekter
  • utgreiing om tingsinnskot, stadfesta av revisor

 

Ønsker du meir informasjon om særreglane ved trekantfisjon, sjå aksjelova § 14-2.