Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Fisjon ved likvidasjon (oppløysing)

Sist oppdatert: 14. desember 2018 .

Fisjon ved likvidasjon melder du til Føretaksregisteret i to trinn, avgjerd om fusjon og gjennomføring.

Når vi har godkjent meldingar som gjeld fisjon, sender vi tilbakemelding og firmaattest i posten.

Avgjerd om fisjon

Du skal sende inn melding om avgjerd om fisjon for alle selskapa som tek del i fisjonen. Overtakande selskap som vert stifta ved fisjon skal ikkje sende inn melding før etter at kreditorfristen har gått ut.

Frå selskapa som tek del i fisjonen har avgjort å godkjenne fisjonsplanen, har du ein månads frist til å melde avgjerd om fisjon til Føretaksregisteret. Dersom det er fleire eksisterande partar i fisjonen vert fristen rekna frå det siste selskapet har godkjent fisjonsplanen.

Dersom meldinga ikkje vert send til Føretaksregisteret innan fristen, fell avgjerda bort.

Følgande dokument må leggast ved meldinga

Overdragande selskap skal legge ved

  • protokoll frå generalforsamlinga som har godkjent fisjonsplanen, eventuelt styreprotokollen dersom styret har godkjent fisjonsplanen

Eventuelle eksisterande overtakande selskap skal legge ved

  • protokoll frå generalforsamlinga som har godkjent fisjonsplanen, eventuelt styreprotokollen dersom styret har godkjent fisjonsplanen etter styrefullmakt
Gjennomføring

Du kan melde gjennomføring av fisjonen når kreditorfristen på seks veker har gått ut. Alle overtakande selskap må melde gjennomføring av fisjon.

Dersom gjennomføring av fisjon blir meldt på papirskjema, må du også sende inn slettemelding frå det overdragande selskapet.

Følgande  dokument må leggast ved meldingane

Det er ingen krav til vedlegg for ei slettemelding som er sendt inn av overdragande selskap. Dersom gjennomføringa av fisjonen vert meld via altinn.no skal det ikkje sendast inn eiga slettemelding frå det overdragande selskapet.

Eventuell eksisterande overtakande selskap skal legge ved

  • protokoll frå generalforsamlinga som viser vedtak om kapitalauke (protokoll frå styremøte dersom styret nyttar seg av fullmakt)  eventuelt protokollen frå styremøtet dersom styret har godkjent fisjonsplanen
  • vedtekter
  • utgreiing om tingsinnskotet, stadfesta av revisor

Dersom selskapet i staden for nyttar eigne aksjar som vederlag til aksjeeigarane i overdragande selskap, må det gå fram at eigne aksjar vert nytta til utdeling.

Eventuelle overtakande selskap som vert stifta ved fisjon skal legge ved

  • stiftingsdokument
  • vedtekter
  • utgreiing om tingsinnskotet, stadfesta av revisor

Ønsker du meir informasjon om avgjerd om fisjon ved kapitalnedsetting, sjå aksjelova § 14-2.