Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Forside bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Forside nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Fisjon ved kapitalnedsetting

Sist oppdatert: 14. desember 2018 .

Fisjon ved kapitalnedsetting skjer ved at eit overdragande selskap overfører deler av verksemda si til eitt eller fleire overtakande selskap.

Det overdragande selskapet består framleis etter delinga, med attverande del av verksemda.

Fisjon ved kapitalnedsetting melder du til Føretaksregisteret i to trinn. Desse to trinna er avgjerd om fisjon og gjennomføring. Når vi har godkjent meldingar som gjeld fisjon, sender vi tilbakemelding og firmaattest i posten.

Avgjerd om fisjon

Du skal sende inn melding om avgjerd om fisjon for alle selskapa som tek del i fisjonen. Overtakande selskap som vert stifta ved fisjon skal ikkje sende inn melding før etter at kreditorfristen har gått ut.

Frå selskapa som tek del i fisjonen har avgjort å godkjenne fisjonsplanen, har du ein månads frist til å melde avgjerd om fisjon til Føretaksregisteret. Dersom det er fleire partar i fisjonen, vert fristen rekna frå det siste selskapet har godkjent fisjonsplanen.

Dersom meldinga ikkje vert send til Føretaksregisteret innan fristen, fell avgjerda bort.

Følgande dokument må leggast ved meldinga

Overdragande selskap skal legge ved

  • protokoll frå generalforsamlinga som har godkjent fisjonsplanen

Eventuelle eksisterande overtakande selskap skal legge ved

  • protokoll frå generalforsamlinga som har godkjent fisjonsplanen, eventuelt styreprotokollen dersom styret har godkjent fisjonsplanen etter styrefullmakt
Gjennomføring

Du kan melde gjennomføring av fisjonen etter at du har meldt avgjerd om fisjon og at kreditorfristen på seks veker har gått ut. Både overdragande selskap og dei overtakande selskapa må melde gjennomføring av fisjon.

Følgande dokument må leggast ved meldingane

Overdragande selskap skal legge ved

  • vedtekter

Eventuelle eksisterande overtakande selskap skal legge ved

  • protokoll frå generalforsamling som viser vedtak om kapitalauke (protokollen frå styremøte dersom styret nyttar seg av fullmakt)
  • vedtekter
  • utgreiing om tingsinnskotet, stadfesta av revisor

Dersom selskapet i staden for nyttar eigne aksjar som vederlag til aksjeeigarane i overdragande selskap, må det gå fram at eigne aksjar vert nytta til utdeling.

Eventuelle overtakande selskap som vert stifta ved fisjon skal legge ved

  • stiftelsesdokument
  • vedtekter
  • utgreiing om tingsinnskot, stadfesta av revisor

Ønsker du meir informasjon om fisjon ved kapitalnedsetting, sjå aksjelova § 14-2.