Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Fisjon over landegrensene

Sist oppdatert: 31. oktober 2018 .

Du kan registrere fisjon over landegrensene når det er minst eitt utanlandsk selskap og minst eitt norsk selskap med i fisjonen. 

Fisjon over landegrensene skal meldast i fire trinn. Desse fire trinna er fisjonsplan, avgjerd om fisjon, vilkår oppfylte og gjennomføring. Når vi har godkjent meldingar som gjeld fisjon, sender vi tilbakemelding og firmaattest i posten.

Fisjonsplan

Styret i dei fisjonerande selskapa skal utarbeide ein felles fisjonsplan.

Ein slik plan skal minst innehalde

  • selskapa si selskapsform, føretaksnamn, og registrert forretningskontor, eller forslag om dette, for det overtakande selskapet etter fisjonen
  • byteforholdet mellom aksjar eller selskapsdelar, og eventuelt vederlag som skal ytast i tillegg til aksjeeigarane i det overdragande selskapet
  • reglar om tildeling av aksjar eller selskapseigedelar i det overtakande selskapet
  • sannsynlege verknader av fisjonen for sysselsettinga i selskapa
  • opplysning om frå kva tidspunkt aksjane eller selskapsdelane gir rett til utbytte i det overtakande selskapet, og alle særlege vilkår som gjeld for å utøve retten
  • opplysning om frå kva tidspunkt transaksjonar i eit overdragande selskap rekneskapsmessig skal reknast som utført for det overtakande selskapet si rekning
  • kva rettar aksjeeigarar med særlege rettar og innehavarar av teikningsrett, som nemnde i §§ 11-1, 11-10 og 11-12, i det eller dei overdragande selskapa skal ha i det overtakande selskapet, eller kva tiltak som blir foreslått til fordel for slike rettshavarar
  • kvar ein særleg rett eller fordel som skal gå til dei uavhengige sakkunnige, medlemene av selskapet sitt kontroll- eller tilsynsorgan, medlemer av styret, dagleg leiar eller tilsvarande avgjerdstakarar
  • vedtekter for det overtakande selskapet etter fisjonen
  • framgangsmåten for fastsetting av nærmare reglar for arbeidstakarane sin innverknad i det overtakande selskapet der dette er relevant
  • opplysningar om vurderinga av dei eigedelane og forpliktingane som blir overført til det overtakande selskapet
  • datoen for årsrekneskapen til dei selskapa som tek del i og har skapt grunnlag for fastsettinga av vilkåra for fisjonen

Det må gå fram av planen om det overdragande selskapet skal overføre heile selskapet (fisjon ved oppløysing), eller berre delar av det (fisjonen ved kapitalnedsetting).

Fisjonsplanen skal også innehalde forslag til vedtak om kapitalendringar og vedtektsendringar i selskapa.

Dersom eit overtakande selskap skal stiftast ved fisjon, skal planen også innehalde forslag til stiftelsesdokument for det overtakande selskapet som blir stifta ved fisjonen.

Styra i selskapa skal signere planen.

Ønsker du meir informasjon, sjå allmennaksjelova §§ 13-25 til 13-36 jf. § 14-12.

Melding til Føretaksregisteret

Det er ingen frist for når du må melde fisjonsplan til oss.

Vedtak om fisjon kan ikkje gjerast før minst ein månad etter kunngjeringa vår av fisjonsplanen.

Dokument du må legge ved meldinga

  • fisjonsplan

 

Avgjerd om fisjon

Når du melder fisjon elektronisk i Samordna registermelding, er det eitt felles skjema for dei norske selskapa i fisjonen. Dersom du nyttar det gamle papirskjemaet, må du sende inn avgjerd om fisjon for alle norske selskap som deltek i fisjon.

Avgjerd om fisjon kan ikkje fattast før minst ein månad etter kunngjeringa vår av fisjonsplanen.

Du har ein månads frist til å melde avgjerda om fisjon til oss, rekna frå datoen selskapa som deltek i fisjonen har godkjent fisjonsplanen. Fristen på ein månad startar å løpe når det siste norske selskapet har godkjent fisjonsplanen.

Blir ikkje meldinga send til oss innan fristen, fell avgjerda bort.

Følgande dokument må leggast ved meldinga

Overdragande selskap skal legge ved

  • protokoll frå generalforsamlinga som har godkjent fisjonsplanen.

Eventuelle eksisterande overtakande selskap skal legge ved

  • protokoll frå generalforsamlinga som har godkjent fisjonsplanen, eventuell styreprotokoll dersom styret har godkjent fisjonsplanen etter styrefullmakt
Vilkår oppfylte

Du skal sende inn melding for alle dei norske selskapa som tek del i fisjonen, om at dei nå oppfyller vilkåra for å gjennomføre fisjonen. Du kan sende inn meldinga tidlegast seks veker etter at avgjerd om fisjon er kunngjort av oss.

Følgande dokument må leggast ved meldinga

Det er ingen vedleggskrav, bortsett frå dersom eit norsk selskap som tek del i fisjonen er underlagt tilsyn av Finanstilsynet. Dersom det er tilfelle, må du legge ved godkjenning frå tilsynet.

Ønsker du meir informasjon om vilkår oppfylte, sjå allmennaksjelova § 13-31.

Gjennomføring

Du kan melde gjennomføring av fisjonen, når kreditorfristen på seks veker er ute. Det er ingen frist for når du må melde gjennomføring til oss.

Følgande dokument må leggast ved meldinga

Dersom overdragande selskap er norsk, og det er fisjon ved oppløysing, er det i utgangspunktet det utanlandske registeret som skal sende oss ei stadfesting på at fisjonen er registrert gjennomført hos dei. Stadfestinga bruker vi som grunnlag for å registrere gjennomføringa og slette føretaket i Føretaksregisteret. Dersom selskapet likevel skal melde sletting må du legge ved

  • stadfesting frå det utanlandske registeret om at fisjonen er registrert gjennomført

Dersom overdragande selskap er norsk og det er fisjon ved kapitalnedsetting, må du legge ved

  • stadfesting frå det utanlandske registeret om at fisjonen er registrert gjennomført
  • oppdaterte vedtekter

Dersom overtakande selskap er norsk, må du legge ved

  • fisjonsattest frå det utanlandske registeret
  • protokoll frå generalforsamlinga eller styremøtet som viser vedtak om kapitalauke
  • oppdaterte vedtekter
  • sakkunnig utgreiing om tingsinnskotet

Dersom selskapet nyttar eigne aksjar som vederlag til aksjeeigarane i overdragande selskap, må det gå fram at eigne aksjar vert nytta til utdeling.

Dersom eit overtakande norsk selskap vert nystifta ved fisjon, skal du legge ved

  • stiftelsesdokument
  • vedtekter
  • sakkunnig utgreiing om tingsinnskotet
  • viljeserklæring frå revisor, dersom årsrekneskapen til selskapet skal reviderast

Ønsker du meir informasjon om fisjon over landegrensene, sjå allmennaksjelova §§ 13-25 til 13-36. I tillegg gjeld også reglane for europeiske selskap, sjå lov om europeiske selskap § 2.