Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Stadfesting av motteke aksjeinnskot

Sist oppdatert: 4. mai 2018 .

Ved registrering av eit nytt aksjeselskap, og ved auke av aksjekapital, må du legge ved ei stadfesting frå revisor, finansinstitusjon (bank), advokat eller rekneskapsførar som stadfestar at aksjekapitalen er motteken av selskapet.

Finansinstitusjon, advokat og rekneskapsførar kan berre gi ei stadfesting i dei tilfella aksjekapitalen berre dreier seg om pengar.

Stadfestinga skal innehalde:

  • opplysningar om beløpet som er sett inn, og at beløpet gjeld aksjeinnskot
  • føretaksnamnet på det selskapet stadfestinga gjeld
  • datoen
  • underskrifta av den som gjer stadfestinga.
  • namnet på finansinstitusjonen/revisoren/advokaten/regnskapsføreren som gir stadfestinga

Det er ikkje tilstrekkeleg med ei underteikna kvittering, bankutskrift eller liknande.

Elektronisk innsending av stadfesting

Stadfestinga skal vere signert elektronisk i Altinn dersom meldinga til Føretaksregisteret vert send inn elektronisk.

Når du har lasta opp stadfestinga i Altinn, må du legge  inn organisasjonsnummeret til revisoren, finansinstitusjonen, advokaten eller rekneskapsføraren som har utarbeidd stadfestinga. Dei får då ei signeringsoppgåve i innboksen sin som dei må gå inn og signere før meldinga kan sendast inn.

Dersom du ønsker  å lese meir om elektronisk signering i Altinn, kan du gjere det på sida «Samordna registermelding i Altinn». Du finn ho under «Nyttige lenker» til høgre på denne sida.