Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Auke av aksjekapital

Sist oppdatert: 17. september 2019 .

Aksjekapitalen i eit selskap kan aukast ved nyteikning av aksjar eller ved at selskapet sine eigne middel vert overførte frå fri eigenkapital (fondsemisjon).

Ein nyemisjon fører til at selskapet vert tilført ny kapital eller reduserer gjeldsbelastninga. Ein fondsemisjon inneber likevel berre ei rekneskapsmessig ompostering frå fri eigenkapital til aksjekapital, og fører ikkje til at selskapet vert tilført ny kapital eller reduserer gjelda.

Styret fremmar forslag til generalforsamlinga

Første steg i ein kapitalauke er at styret må utarbeide eit forslag til generalforsamlinga om at kapitalen skal aukast med eit gitt beløp, og foreslå nødvendige vedtektsendringar. Styret foreslår også om pengane skal skaffast til vegar ved overføring av fondsmiddel, ved konvertering av gjeld eller om aksjonærane skal betale inn meir. Innbetalinga av meir aksjekapital kan vere i form av både pengar og eigedelar. Styret må ta stilling til om det skal skrivast ut nye aksjar eller om dei eksisterande aksjane skal få høgare pålydande verdi.

Generalforsamlinga vedtek kapitalauken

Det er generalforsamlinga som må vedta kapitalauken og vedta nye vedtekter. Styret kan vedta kapitalauke dersom dei har fått fullmakt frå generalforsamlinga.

Kva skal avgjerda innehalde?

Avgjerd om kapitalauke skal minst oppgi

  • beløpet aksjekapitalen skal aukast med, eller eventuelt øvre og nedre grense for auken
  • pålydande på aksjen
  • det beløpet som skal betalast for kvar aksje
  • kven som kan teikne dei nye aksjane

I tillegg må det gjevast informasjon knytt til teikningsfrist, oppgjer, utbytterett og utgifter. Dersom aksjeinnskottsforpliktinga skal kunne gjerast opp ved motrekning eller med tingsinnskott, må vedtaket innehalde opplysningar om det. Dersom du ønsker meir informasjon, sjå aksjelova som du finn under Nyttige lenker til høgre på denne sida.

Storleiken og verdien til aksjekapitalen er alltid bestemt i vedtektene til selskapet. Derfor må generalforsamlinga vedta vedtektsendring i samband med kapitalauke.

Dersom kapitalauken skjer ved fondsemisjon, skal vedtaket minst angi det beløpet som aksjekapitalen skal aukast med, og om auken skal gjennomførast ved auke av pålydande på aksjen eller ved utsending av nye aksjar.

Dersom aksjeinnskotsforpliktinga skal kunne gjerast opp ved motrekning (konvertering av gjeld) eller med tingsinnskot (andre eigedelar enn pengar), skal det utarbeidast ei eiga utgreiing for dette. Utgreiinga skal vere underteikna av heile styret, og stadfesta av revisor. Tidspunktet for verdsetting kan tidlegast vere fire veker før vedtaket til generalforsamlinga.

Registrering i Føretaksregisteret

Kapitalauken må meldast til Føretaksregisteret innan tre månader etter at teikningsfristen har gått ut, elles fell vedtaket bort. Teikningsfristen kan maksimalt settast til tre månader. Det vil seie at fristen for å melde vedtak maksimalt kan vere seks månader etter at generalforsamlinga har teke avgjerda. Dersom kapitalauken skjer ved fondsemisjon, gjeld ikkje fristen.

Kva for dokument må eg legge ved?

Dokument du alltid må legge ved er

  • protokoll frå generalforsamlinga som viser vedtak om kapitalauke og endring av vedtekter (protokoll frå styremøtet dersom styret gjer bruk av fullmakt)
  • oppdaterte vedtekter
  • erklæring frå revisor, finansinstitusjon, advokat eller rekneskapsførar som viser innbetalinga av aksjeinnskotet

Ved tingsinnskot eller ved konvertering av gjeld, må du i tillegg legge ved

  • utgreiing som er skriven under av heile styret og stadfesta av revisoren

Aksjeeigarboka med eventuelle nye opplysningar om aksjefordelinga skal ajourførast.

IkonSjå eksempel på protokoll frå ekstraordinær generalforsamling (pdf)