Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Ektepakter om særeige

Bokmål

Etter lova har ektemakane i utgangspunktet felleseige. Men dersom ektemakane synest at felleseige ikkje passar for dei, kan dei gjere avtale om å avvike frå felleseige. Det kan dei gjere ved å avtale fullt eller delvis særeige. Særeiga kan også avgrensast i tid, og ho kan gjerast avhengig av at ektemakane ikkje får barn saman.

Full særeige

Ektemakane kan bli samde om at alt dei eig, eller seinare måtte kome til å eige, skal bli særeige. Det blir kalla full særeige.

Delvis særeige

Avtalar om særeige kan avgrensast til visse eigneluter eller til ein del av formuen til ektemakane. Det blir kalla delvis særeige.

Dei ulike eignelutene som skal vere særeige, må normalt nemnast klart i ektepakta. Det som ikkje er spesifisert som særeige, blir då felleseige. Ektemakane kan til dømes ønskje at ei bestemt hytte skal vere særeige, mens alt det dei elles eig skal vere felleseige.

Ektemakane kan også avtale delvis særeige for ein bestemt del av formuen. Til dømes kan dei avtale at 50 prosent av ein eignelut skal vere særeige, mens den andre halvparten skal vere felleseige.

Tidsavgrensa særeige

Ektemakane kan opprette tidsavgrensa særeige. Det vil seie at dei kan avtale særeige for eit visst tidsrom. Dersom ekteskapet framleis står ved lag etter desse åra, sluttar avtalen å gjelde, og ektemakane får felleseige. Ved å avtale tidsavgrensa særeige slepp dei å inngå ny ektepakt for å opprette felleseige på ny.

Vilkårsbunden særeige

Ektemakane kan også avgjere at dei skal ha særeige så lenge dei ikkje har felles livsarvingar. Særeiga blir då automatisk omgjord til felleseige når ektemakane får barn saman.

Det er mogleg å kombinere avtalar om tidsavgrensing og vilkår om felles livsarvingar. Ektemakane kan til dømes avtale at særeiga skal gjerast om til felleseige når ektemakane får barn, eller seinast etter fem år.

Særeige i livet - felleseige ved død

Ektemakane kan avtale at særeiga skal gjerast om til felleseige ved død ("særeige i livet - felleseige ved død"). Ved ein slik avtale kan ein ektemake sikre seg mot likedeling ved skilsmisse. Men blir ekteskapet oppløyst ved at ein av ektemakane døyr, får den etterlatne dei same rettane som felleseige gir den lengstlevande.

Ektemakane kan også avtale at det berre er dersom ein bestemt av dei døyr først, at særeiga ikkje skal gjelde.

Avtale om at særeige skal gjerast om til felleseige ved død, kan lagast for heile formuen, eller delar av formuen til den eine eller begge.

Avtale om å sitje i uskifte med særeige

Ektemakane kan avtale at den som lever lengst, skal ha rett til å sitje i uskifte med særeige eller med delar av særeiga. Det vil seie at den lengstlevande får overta både særeigemidlane og midlane frå felleseiga, og at han eller ho i utgangspunktet får rå fritt over dei. Arvingane etter den døde får arven sin først når uskiftebuet skal skiftast.

Dersom den døde hadde barn frå tidlegare forhold, kan den lengstlevande sitje i uskifte berre dersom desse barna (særkullsbarna) har gitt sitt samtykke til det.

Avtalar om å sitje i uskifte med særeige kan også avgrensast til berre å gjelde dersom ein bestemt av ektemakane skulle døy først.

 

       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673