Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Ektepakter

Bokmål

Ei ektepakt er ein juridisk bindande avtale mellom ektemakar. Ei ektepakt er nødvendig først og fremst dersom ektemakane ønskjer å avtale andre formuesordningar enn dei som automatisk følgjer av lova - det vil seie i desse tilfella:

  • dersom ektemakane ønskjer å avgrense felleseiga ved å avtale særeige eller mellomformer mellom særeige og felleseige
  • dersom ektemakane ønskjer å utvide felleseiga ved å innskrenke retten til skeivdeling
  • dersom ektemakane ønskjer å ha høve til å dele felleseiga når som helst - ikkje først når ekteskapet tek slutt, som er det vanlege
  • Dessutan må det opprettast ei ektepakt dersom ektemakane gir kvarandre større gåver - same kva for formuesordning dei elles har avtale.

For å kunne ta stilling til om ein ønskjer å avtale særeige eller avgrense retten til skeivdeling, er det sjølvsagt viktig å kjenne lovføresegnene om felleseige o.a. Brosjyren "Det økonomiske forholdet mellom ektefeller" gir ei grei oversikt over desse reglane. Vi går derfor ikkje inn på dei i denne brosjyren. Her gir vi berre ei nærmare rettleiing om når ektepakt er nødvendig, kva ektemakar kan avtale ved ektepakt, kva for krav som blir stilte til ektepaktforma osv.

Reglane om ektepakt står i ekteskapslova, lov av 4. juli 1991 nr. 47 om ekteskap, §§ 42-46. Særtrykk av lova er til sals i bokhandlane.

 

       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673