|
Ekteskap inneber at det økonomiske forholdet mellom
ektemakane blir regulert av rettsreglar. Mellom anna krev
ekteskapslova at visse avtalar mellom ektemakane må
gjerast i form av ei ektepakt for for at dei skal vere gyldige.
Ei ektepakt er ein juridisk bindande avtale mellom ektemakar
- inkludert avtalar om overføring av gåver mellom
dei. Det blir stilt visse formkrav til ektepakta, mellom anna
skal ho vere skriftleg og underteiknast av vitne.
For å oppnå rettsvern overfor kreditorane må
ektepakta i tillegg tinglysast i Ektepaktregisteret i Brønnøysund.
Ektepakt om gåver må alltid tinglysast i Ektepaktregisteret
for å få rettsvern.
Ei ektepakt som skal tinglysast, må vere skriven på
eit eige skjema. Skjemaet kan du laste
ned herifrå, eller du kan få det ved å
vende deg til Brønnøysundregistra, Ektepaktregisteret,
8910 Brønnøysund.
Stortinget har bestemt at det skal betalast gebyr
for tinglysing av mellom anna ektepakter.
Ei ektepakt som overdreg fast eigedom frå den eine ektefellen til den andre, må for å få fullt rettsvern også tinglysast på eigedomen sitt blad i grunnboka. Partane må sjølve sørgje for tinglysing hos Statens Kartverk.
|