|
Ektepakta må vere skriftleg. Skal ektepakta tinglysast
(sjå nedanfor), må ho dessutan vere skriven på
eit eige skjema. Det kan vere praktisk å bruke dette
skjemaet sjølv om ektepakta ikkje skal tinglysast.
Det gir eit greitt mønster for korleis ein skal sette
opp ei gyldig ektepakt.
Underskrift - vitne
Ektemakane må skrive under på ektepakta samtidig,
med to vitne til stades. Deretter skriv vitna under. Vitna
må vere myndige, dei må vere godtekne av begge
ektemakane, og dei må vite at det er ei ektepakt som
skal avtalast.
Når alle har skrive under, er ektepakta gyldig oppretta.
Det vil seie at ho gir ramma for det økonomiske oppgjeret
mellom ektemakane og eventuelt mellom dei og arvingane.
For å oppnå rettsvern overfor kreditorane, må
ektepakta i tillegg tinglysast
i Ektepaktregisteret i Brønnøysund. Ektepakt
om gåver må alltid tinglysast i Ektepaktregisteret
for å få rettsvern.
Tinglysing
Ei ektepakt som skal tinglysast, må vere skriven på
eit særskilt skjema. Skjemaet er gratis, og du får
det frå Brønnøysundregistra, Ektepaktregisteret,
8910 Brønnøysund.
|