Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Gåver mellom ektemakar

Bokmål

Større gåver krev ektepakt

Ektemakar kan sjølvsagt gi kvarandre vanlege gåver fritt. Men større gåver kan ikkje givast fritt mellom ektemakane. Grunnen til det er først og fremst at overføringar av større gåver også er formuesoverføringar, og dette kan få følgjer for kreditorane til givaren. Kreditorane må kunne få opplysningar om slike gåver.

Ekteskapslova krev derfor at det blir oppretta og tinglyst ektepakt for gåver som blir gitt mellom ektemakar, når gåvene ikkje kan reknast for å vere vanlege. Kva som er ei "vanleg" gåve må vurderast mellom anna i forhold til kva økonomi givaren har.

Det er gjort unntak for gåver som livsforsikring, pensjon eller liknande. Her gjeld ikkje kravet om å opprette ektepakt.

Dersom ei ektepakt som inneheld ei gåve skal få rettsvern mot ektefellen sine kreditorar, må den tinglysast i Ektepaktregisteret.

Ektepakta kan endrast

Ei ektepakt som endrar lovføresegnene om formuesforholdet, kan forandrast eller supplerast dersom begge partar er samde om det. I praksis skjer det ved at ein oppretter ny ektepakt. Ektemakane kan óg når som helst kome tilbake til utgangspunktet for lova, felleseige, ved å opprette ny ektepakt om det.

 

       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673