 |
Ektepakta er ein førehandsavtale om oppgjeret. Derfor
er det vanlegvis når ekteskapet tek slutt, anten ved
skilsmisse eller når ein av ektemakane døyr,
at ektepakta får noko å seie. Men lova gir dessutan
ektemakane høve til å avtale på førehand
at kvar av dei kan krevje deling av felleseiga mens ekteskapet
framleis gjeld. Ein slik førehandsavtale må ein
også gjere i form av ektepakt for at han skal vere gyldig.
|
 |