 |
Skeivdeling er eit viktig unntak frå regelen om likedeling
som gjeld for felleseiga, sjå brosjyren "Det økonomiske
forholdet mellom ektefeller".
Ved skeivdeling kan kvar av ektemakane som hovudregel krevje
at verdien av eigneluter som ektefellen åtte då
ekteskapet vart inngått, blir halden utanfor delinga.
Ved skeivdeling blir arv eller gåve som er motteken
under ekteskapet, også halden utanfor delinga på
same måten som ved særeige.
Avgrensing av skeivdeling
Ved å avgrense føresegnene i ekteskapslova om
skeivdeling kan ektemakane oppnå større grad
av likedeling enn det som automatisk følgjer av lova.
Det er mogleg å redusere skeivdeling på desse
måtane:
- Ektemakane kan avtale at ingen av dei skal kunne krevje
skeivdeling. Det vil seie at ikkje noko av det dei eig blir
halde utanfor felleseiga ved oppgjer.
- Dei kan også avtale at skeivdeling ikkje skal gjelde
for formuen til den eine ektemaken, eller delar av formuen
til den eine eller begge.
- Avtale om at skeivdeling ikkje skal gjelde, kan gjerast
vilkårsbunden og tidsavgrensa på same måten
som avtale om vilkårsbunden eller tidsavgrensa særeige
- sjå punkta om det.
- Avtale om at formuen ikkje skal skeivdelast, kan også
avgrensast slik at han berre gjeld ved oppgjer etter at
ein av ektemakane er død, eller etter at ein bestemt
av dei to døyr. Dette blir kalla "avtale om
skeivdeling i livet - likedeling ved død".
|
 |