Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Samordningsarbeidet

Bokmål

Arbeidet med samordning av næringslivet si innrapportering til det offentlege har vore og er ei viktig oppgåve for Brønnøysundregistra. To av registra i Brønnøysund har hatt mykje å seie for samordningsarbeidet. Dei to er Einingsregisteret og Oppgåveregisteret.

Opprettinga av Einingsregisteret i 1995 var ein viktig milestolpe i arbeidet med samordning. Nyregistreringar, endringar og slettingar av næringsverksemder blir berre rapporterte til Einingsregisteret. Dei samarbeidande registra - NAV Aa-registeret, Meirverdiavgiftsregisteret, Statistisk Sentralbyrå sitt bedriftsregister, Føretaksregisteret og Fylkesmennene sitt register over stiftingar - hentar dei opplysningane dei treng frå Einingsregisteret. Seinare er også Skatteetaten sitt register for etterskotspliktige kome til som eitt av dei tilknytte registra. I tillegg er Konkursregisteret eit tilknytt register. Alle konkursbu blir registrerte og får organisasjonsnummer i Einingsregisteret.

Einingsregisteret gir alle nye bedrifter eit ni-sifra organisasjonsnummer, og nummersystemet er felles for alle dei offentlege næringslivsregistra. Dermed er det teknisk mogeleg for registra å samarbeide om informasjon som gjeld same bedrift, i staden for å spørje kvar sin gong.

Oppgåveregisteret blei oppretta i 1997. Hovudoppgåva er å halde løpande oversikt over næringslivet sine oppgåveplikter til det offentlege, og finne vegar til samordning og forenkling. Oppgåveregisteret sørgjer for at etatane får kunnskap om kva data som allereie finst hos andre, og opplysningane kan dermed utvekslast ved hjelp av organisasjonsnummeret. Oppgåveregisteret har gjort ein stor jobb for å definere meiningsinnhaldet i forskjellige spørsmål i statlege spørjeskjema. Oppgåveregisteret held derfor på å bli ein nasjonal database for datadefinisjonar. Kvart dataelement blir kategorisert, definert, gitt eit namn og eit nummer.

Offentlege etatar kan utnytte moglegheitene som ligg i Einingsregisteret på ein betre måte. Oppgåveregisteret vil arbeide for at gjenbruken av grunndata frå Einingsregisteret blir større, slik at samordningseffekten kan betrast. Brønnøysundregistra har i tillegg etablert ein elektronisk rekneskapsdatabase. Dei fleste næringsdrivande som har innsendingsplikt til Rekneskapsregisteret, kan no sende inn årsrekneskapane sine elektronisk via Altinn, noko som vil gje ein større samordningseffekt. Politikarane har også eit ansvar for forenkling og samordning. Nye lover og forskrifter genererer nye oppgåveplikter, og utan politikarane sin medverknad er det vanskeleg å oppnå ein reduksjon i skjema og oppgåveplikter som monnar.

 

       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673