Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

ELMER - Enklare og meir effektiv rapportering

Bokmål

ELMER (Enklare og meir effektiv rapportering) er vedteke som retningslinjer for brukargrensesnitt i offentlege skjema på Internett. Retningslinjene er utarbeidde på oppdrag frå Nærings- og handelsdepartementet og skal forvaltast av Brønnøysundregistra.

ELMER konsentrerer seg om å møte dei utfordringane ved utforming og pedagogikk på Internett som er særeigne for skjema. Retningslinjene skal vere med på å sikre at offentleg skjemaproduksjon møter moglegheiter og utfordringar ved elektronisk skjemabasert kommunikasjon på ein einsarta og brukarvennleg måte. Målet er at alle offentlege skjema i løpet av 2008 skal byggje på eit felles brukargrensesnitt.

Forarbeidet til ELMER starta i 2000, og endelege retningslinjer blei utarbeidde i 2006 (ELMER 2). Retningslinjene tek for seg prinsipp og spesifikasjonar for utforming av offentlege skjema på Internett. Retningslinjene er tilgjengelege for nedlasting i PDF-format og som HTML på prosjektet sin nettstad www.elmer.no. Der finst også meir om bakgrunnen for retningslinjene.

       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673