Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Tvangsoppløysing

Bokmål

Innsendingspliktige aksjeselskap, allmennaksjeselskap, bustadbyggjelag, samvirkeføretak og europeiske selskap som ikkje har sendt inn komplett årsrekneskap til Rekneskapsregisteret innan seks månader etter at fristen gjekk ut, vil få eit brev kor vi etterlyser den manglande årsrekneskapen. Einingane får samtidig ny frist med ein månad for å levere dette.

Dersom vi ikkje har motteke og godkjend årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding før utgangen av den nye fristen, kunngjer vi dette på Internett (www.brreg.no) og i lokale aviser. I kunngjeringa blir det gitt ytterlegare ein frist på fire veker før eininga blir send til tingretten.

Rekneskapsregisteret orienterer då den lokale tingretten om at vilkåra for tvangsavvikling er oppfylte. Tingretten skal tvangsoppløyse eininga utan ytterlegare varsel. Tvangsavviklinga skjer då etter reglane i konkurs- og dekningslova.

Forseinkingsgebyret må betalast i alle høve.

Meir om dette:  

Aksjelova §16-15 til 16-18

 

Allmennaksjelova § 16-15 til 16-18

 

Bustadbyggjelagslova § 10-14 til 10-17

 

Samvirkelova § 140 til 144

 

 

       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673