Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Mangelfull innsending

Bokmål

Kvart år mottek Rekneskapsregisteret fleire tusen årsrekneskap som ikke kan godkjennast, noko som inneber meirarbeid både for den rekneskapspliktige og Rekneskapsregisteret. Dersom Rekneskapsregisteret ikkje kan godkjenne årsrekneskapen, er innsendingsplikta ikkje oppfyld. Eit eventuelt forseinkingsgebyr som har begynt å løpe, vil ikkje stoppe før vi får inn årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding. Sjekk derfor punkta nedanfor:

Elektronisk innsending gjennom Altinn
  • Pass på at alle nødvendige dokument er med, og at hovudskjema er utfylt med korrekte opplysningar.

  • Dokumenta du sender inn må vere tydeleg lesbare. Orientering om skjema og oversikt over anbefalte filtypar.

  • Notar til rekneskapen: Kontroller at det er samsvar mellom talet på notetilvisingar og talet på notar, og at nummereringa stemmer overeins. Rekneskapsregisteret kan ikkje godkjenne årsrekneskapen dersom det er vist til fleire notar enn dei som ligg ved. Innsendingsplikta vil dermed ikkje vere oppfyld.
Innsending per post
  • Pass på at alle nødvendige dokument er med, og at følgjeskrivet "Vedlegg til årsrekneskap" er korrekt utfylt og underskrive.

  • Dokumenta du sender inn må vere tydeleg lesbare. Helst svart skrift på kvite A4-ark som ikkje er samanbundne/stifta.

  • Notar til rekneskapen: Kontroller at det er samsvar mellom talet på notetilvisingar og talet på notar, og at nummereringa stemmer overeins. Rekneskapsregisteret kan ikkje godkjenne årsrekneskapen dersom det er vist til fleire notar enn dei som ligg ved. Innsendingsplikta vil dermed ikkje vere oppfyld.

  • Balanse: Kontroller at balansen inneheld både eigedelar, eigenkapital og gjeld.

       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673