Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Innsendingspliktige einingar

Bokmål

Alle som har rekneskapsplikt etter rekneskapslova § 1-2 skal sende årsrekneskap, årsmelding og eventuell revisjonsmelding til Rekneskapsregisteret i Brønnøysund. Les meir om rekneskapspliktige einingar.

Rekneskapsplikta gjeld også for einingar som er under avvikling inntil dei er sletta i Einingsregisteret og Føretaksregisteret. Plikta gjeld sjølv om det ikkje har vore drift.

Desse dokumenta skal sendast inn:

  • Resultatrekneskap
  • Balanse
  • Notar til rekneskapen (noteopplysningar er ein del av årsrekneskapen og må utarbeidast (sjå rekneskapslova kapittel 7)
  • Kontantstraumoppstilling (ikkje nødvendig for ”små føretak”, sjå rekneskapslova § 1-6)
  • Årsmelding
  • Revisjonsrapport
  • Utfylt følgjeskriv Vedlegg til årsregnskap (ved elektronisk innsending via Altinn, skal dette ikkje leggjast ved)

Ellers bør du snakke med revisor dersom du er i tvil om du har rekneskapsplikt, eller du kan sende inn årsrekneskapen dersom du synest det er det enklaste.

* Enkelte organisasjonsformer, som for eksempel enkeltpersonføretak, ansvarlege selskap, selskap med avgrensa ansvar og lag/foreiningar, har unntaksreglar for revisjon. Det betyr at revisjonsplikta først gjeld når visse kriterium er til stades.

       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673