|
Forseinkingsgebyret kan løpe maksimalt i 26 veker. Det kan altså maksimalt koste deg nesten 45 000 kroner.
Satsane for forseinkingsgebyret er:
Dei første åtte vekene: 860 kroner pr. veke, dei neste
ti vekene: 1 720 kroner pr. veke, og dei siste åtte vekene: 2 580
kroner. Gebyret blir rekna for heile veker, rekna frå fristdatoen.
Forseinkingsgebyret vil løpe inntil
ein av følgjande grunnar gjer at det stoppar:
- innsendingsplikta blir oppfylt
- den rekneskapspliktige blir endeleg sletta i Føretaksregisteret/Einingsregisteret
- den rekneskapspliktige blir teken under konkursbehandling
- den rekneskapspliktige blir tvangsoppløyst
av tingretten (berre aktuelt for aksjeselskap og allmennaksjeselskap, bustadbyggjelag og samvirkeføretak)
- det har gått 26 veker sidan gebyret vart pålagd
Diagrammet viser gebyrutviklinga ved utgangen av kvar månad.

|