Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Innsending av årsrekneskap for frivillige organisasjonar

Bokmål

For foreiningar i Frivilligregisteret

Foreiningar som er registrerte i Frivilligregisteret, og som har valt å rapportere rekneskapsopplysningar, skal sende inn årsrekneskapen frå og med det året foreininga tok på seg slik rapporteringsplikt (tidlegast rekneskapsåret 2009). Årsrekneskapen skal innehalde følgjande:

Aktivitetsrekneskap og balanse. Oppstillingsplan/oppsett over postane som blir nytta når årsrekneskapen blir sett opp etter reglane for frivillig verksemd.

  • Noteopplysningar
  • Årsmelding

Nærmare opplysningar om frivillig rapportering av rekneskapsopplysningar finst i kapittel 6 av forskrift til lov om register for frivillig virksomhet.

Det er berre foreiningar som ikkje har ordinær rekneskapsplikt som kan velje å plikte seg til å rapportere rekneskapsopplysningar til Rekneskapsregisteret. Til bruk for desse foreiningane finst eit eige skjema i www.altinn.no ; RR-0009 Årsregnskap for frivillig virksomhet – Foreninger.

 

Dersom årsrekneskapen skal sendast per post, må i tillegg følgjeskrivet Vedlegg til årsregnskap fyllast ut og leggjast ved.

Frist for innsending av årsrekneskapen til Rekneskapsregisteret:

  • før 1. oktober året etter rekneskapsåret dersom foreininga avsluttar årsrekneskapen i perioden 01.07. til og med 31.12.
  • før 1. april året etter rekneskapsåret dersom foreininga avsluttar årsrekneskapen i perioden 01.01. til og med 30.06.

Dersom ei foreining som har teke på seg innsendingsplikt ved registrering i Frivilligregisteret let vere å sende årsrekneskap til Rekneskapsregisteret, og dermed ikkje oppfyller plikta, vil Frivilligregisteret følgje opp saka.

 

       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673