|
Årsrekneskapen skal sendast inn til Rekneskapsregisteret
innan ein månad etter at han er fastsett av kompetent
organ - det vil seie generalforsamling eller tilsvarande organ.
Siste frist for innsending er avhenging av måten du sender inn årsrekneskapen på:
Sender du inn årsrekneskapen på papir, må han vere postlagd før 1. august eller før 1. februar avhengig av avslutningsdato.
Sender du inn årsrekneskapen i Altinn, må han vere send inn før 1. september eller før 1. mars avhengig av avslutningsdato.
Dersom årsrekneskapen ikkje er send inn
før fristen, må du betale forseinkingsgebyr.
Rekneskapsregisteret har ikkje høve til å forlengje fristane.
Desse dokumenta skal sendast inn
|