|
Dersom komplett årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding ikkje er sende til Rekneskapsregisteret før 1. august ved papirinnsending – eller før 1. september ved elektronisk innsending – vil det kome til forseinkingsgebyr, jf. regnskapsloven § 8-3. Dette gjeld for alle einingar med avslutningsdato i perioden 01.07.–31.12.
For einingar med avslutningsdato i perioden 01.01.–30.06. er tilsvarande fristar før 1. februar eller før 1. mars. dette var nytt frå og med rekneskapsåret 2007. Dette gjeld alle innsendingspliktige og fram til einingane er endeleg sletta i Einingsregisteret og Føretaksregisteret.
Frå rekneskapsåret 2008 kan alle rekneskapspliktige få forseinkingsgebyr.
Eininga er ansvarleg for å betale gebyret, alternativt medlemene i styret. Har ikkje den rekneskapspliktige styre, vil det vere deltakarane eller medlemene og dagleg leiar som har ansvar for gebyret.
Meir informasjon om årsrekneskap og skjemaplikter finn du under «Hjelp til regelverk» på www.altinn.no
|