|
Einingsregisteret i Brønnøysund skal innehalde
opplysningar om konsern og føretaksgrupper. Alle einingar
som inngår i konsern eller føretaksgruppe har
plikt til å sende melding til Einingsregisteret. Meldeplikta
skal vurderast i samband med fastsetjing av rekneskapen.
Eit konsern er ei gruppe av juridiske personar, eventuelt med forskjellige organisasjonsformer, som har ei slik tilknyting til kvarandre gjennom aksjar, andelar eller stemmer, at ein juridisk person (morselskapet) har bestemmande påverknad på minst ein annan juridisk person (dotterselskapet).
Det følgjer av Einingsregisterlova § 6 første
leddbokstav k. at Einingsregisteret skal innehalde opplysningar
om einingar som inngår i konsern eller føretaksgrupper.
Reglar om registreringsordninga er tekne inn i forskrift av
9 februar 1995 nr. 114 om registrering av juridiske personar
m.m. i Einingsregisteret.
Registreringsordninga er i første rekkje underbygt
i at grunnlaget for produksjon av offisiell statistikk kan
bli forbetra, men skal også hjelpe til å betre
det offentlege si kontroll- og tilsynsmyndigheit med denne
typen forhold.
Kva forhold skal registrerast?
Einingar som etter lov eller føresegn gitt i medhald
av lov, pliktar å la eigen rekneskap eller årsoppgjer
inngå i konsernrekneskap eller anna form for
fellesrekneskap som gir uttrykk for to eller fleire einingar
si samla verksemd, pliktar å sende melding til Einingsregisteret.
Dette gjeld ikkje for enkeltpersonføretak.
Meldeplikta omfattar også einingar som på grunnlag
av særlege forhold nemnde i lov eller føresegn
som er gitt i medhald av lov eller etter søknad til
offentleg styresmakt, er unnatekne frå ei elles gjeldande
plikt til å setje opp slik rekneskap.
Når eit norsk føretak er ått av eit utanlandsk
morføretak eller har eit dotterføretak i utlandet
skal ein også gi opplysningar om det utanlandske selskapet,
såframt forholdet ville ha blitt omfatta av plikta til
å sende inn opplysningar dersom mor- eller dotterføretaket
hadde vore heimehørande i Noreg.
Kva for opplysningar skal meldast?
Kvar enkelt eining i eit konsern eller ei føretaksgruppe
pliktar å melde opplysningar om:
- namn/føretaksnamn og organisasjonsnummer på
mor- og/eller dotterføretak eller andre einingar
i føretaksgruppa
- grunnlaget for konsernforholdet/føretaksgruppa
(her skal ein gi opp storleiken på eigardelen eller
at det er ein avtale som ligg til grunn for skipinga av
konsernet/føretaksgruppa)
For einingar som ikkje er registrerte i Einingsregisteret
med eigne organisasjonsnummer, f. eks. utanlandske einingar
og som inngår i registreringspliktig konsern/føretaksgruppe,
skal ein også gi opplysningar etter Einingsregisterlova
§ 5. Dette er opplysningar som namn, adresse og kontaktperson.
Einingsregisteret vil da gi eininga eit organisasjonsnummer
og registrere ho i registeret. Etter § 4 i forskrifta
skal det organisasjonsnummeret ein har fått etter denne
føresegna berre nyttast i forhold til konsern/føretaksgrupperegistreringa.
Det kan såleis ikkje nyttast av eininga i andre samanhengar
eller ha verknad som andre organisasjonsnummer.
Når skal opplysningane meldast?
Alle einingar skal vurdere plikta til å gi opplysningar
om konsern/føretaksgruppe samtidig som dei fastset
eller godkjenner rekneskapen/årsoppgjeret. Konsern-
eller føretaksgruppeopplysningane skal meldast til
Einingsregisteret seinast ein månad etter fastsetjinga
eller godkjenninga av rekneskapen/årsoppgjeret.
Konsern- eller føretaksgruppeopplysningar kan eininga
etter behov melde oftare enn dette.
Korleis skal opplysningane meldast?
Opplysningane kan meldast på særskild blankett
eller på annan måte, f. eks. ved hjelp av organisasjonskart
med nødvendige opplysningar. Plikta til å gi
melding til registeret påligg den enkelte eininga i
konsernet, men det blir også godteke at det blir sendt
inn ei samla melding for heile konsernet. Alle einingane i
konsernet vil bli underretta om registreringa.
Blankett kan lastast ned her, eller ein kan kontakte Brønnøysundregistra,
8910 Brønnøysund for å få han tilsendt. Ved nyregistrering av føretaksgrupper
skal det sendast inn ei felles melding som viser samansetjinga
av heile gruppa. Den enkelte eininga skal stadfeste at opplysningane
er rette, slik det er angitt i Einingsregisterlova §
8 og forskrifta sin § 10. Det er ikkje laga noko eigen
blankett for registrering av føretaksgrupper.
Kven kan få opplysningar om konsernforhold?
Den som har sendt inn ei melding vil alltid motta ein ordinær
endringsrapport og registerutskrift frå Einingsregisteret
på eininga som det er meldt opplysningar om.
Alle einingar som er registrerte i konsernet/føretaksgruppa
vil både ved registrering første gongen og ved
endringar motta konsernrapport og registerutskrift for eininga
som viser heile konsernstrukturen.
Opplysningar om registrerte konsern/føretaksgrupper
vil ikkje vere tilgjengelege for allmenta. Dei same reglane
gjeld for innsyn i desse opplysningane som etter Einingsregisterlova
§ 22. Det vil seie at opplysningane berre er tilgjengelege
for tilknytte register og offentlege styresmakter.
|