Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Hugseliste ved registrering

Bokmål 

Før ei eining eller eit føretak kan registrerast i Føretaksregisteret eller Einingsregisteret er det mange forhold som må vere i orden. Krava til meldinga som blir send til Brønnøysund går fram av lovverket og er forklart i rettleiinga til blanketten Samordna registermelding. Likevel opplever ganske mange å få meldinga i retur med melding om manglar. Ein del feil og manglar går igjen, og mange av dei er enkle å unngå. Vi har sett opp ei hugseliste du kan bruke for å unngå dei ni vanlegaste feila.

1. Pass på at meldinga er underskriven av alle som skal skrive under
Krav til underskrifter for forskjellige typar meldingar finn du i rettleiinga til Samordna registermelding.
2. Hugs vedlegg som dokumentasjon på opplysningane i blanketten
Mange av opplysningane som du gir opp i blanketten skal dokumenterast, for eksempel med stiftingsdokumenter, protokoll som viser val av styre og vedtekter. Krav til vedlegg finn du i rettleiinga til Samordna registermelding. Pass på at det er samsvar mellom opplysningane i blanketten og i vedlegga. Dersom nokre av vedlegga er kopiar, må kopiane vere stadfesta.
3. Styret må vere fullstendig (AS)
For aksjeselskap blir det stilt krav til styre ved registrering i Føretaksregisteret. Dersom styret berre består av eitt eller to medlemer, må det veljast eit varamedlem til styret. Dersom selskapet har ein aksjekapital på tre millionar kroner eller meir, skal styret bestå av minst tre medlemer.
4. Bruk godkjend blankett
Både registrering av nye einingar/føretak og endring av registrerte opplysningar skal gjerast på blanketten "Samordna registermelding". Blanketten får du blant anna frå Brønnøysundregistra, eller du kan laste ned ein elektronisk versjon.
5. Hugs forretningsadresse/besøksadresse
Med forretningsadresse/besøksadresse meiner vi hovudkontoret si gateadresse eller stadsadresse på mindre stader. På større poststader skal ein oppgi gate/stadnamn. Postboksadresse kan du gi opp i eige felt for postadresse.
6. Gi ei god framstilling av verksemd/bransje
Gi ei så nøyaktig framstilling som mogeleg av eininga si verksemd/bransje. Skriv for eksempel kva varer som blir produserte eller selde, eller kva tenester eller aktivitetar som blir utførde. Eksempel kan vere butikkhandel med daglegvarer, konsulentverksemd innan sal og marknadsføring, jordbruksverksemd med kjøt- og mjølkeproduksjon etc.
7. Gi opp innehavar, dagleg leiar eller kontaktperson
Ei eining må ha ein innehavar, dagleg leiar, forretningsførar eller annan kontaktperson. Dersom dagleg leiar/forretningsførar er ein juridisk person, må du i tillegg gi opp ein ein fysisk person som kontaktperson.
8. Hugs fullstendig fødselsnummer for alle personane
Du må gi opp fødselsnummer (11 siffer) for alle personar som skal ha ei rolle i forhold til eininga, for eksempel som styremedlem eller som deltakar. For utanlandske statsborgarar utan norsk fødselsnummer må det gis opp eit D-nummer. Blankett for oppmoding om tildeling av D-nummer får du frå Brønnøysundregistrene.
9. Alle dei relevante felta i blanketten må vere utfylte
Du skal berre fylle ut dei felta i blanketten som er relevante for den eininga som skal registrerast. For eksempel skal du ikkje gi opp nokon aksjekapital for eit enkeltpersonføretak. Men det er viktig at alle dei relevante felta er utfylte. Når det gjeld registrering i Føretaksregisteret, finn du ei oversikt over kva felt som må fyllast ut for ulike organisasjonsformer i rettleiinga.

       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673