Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Nye reglar for føretaksnamn frå 1. mars 2004

Bokmål 

Den 1. mars 2004 trer endringane i firmalova i kraft. Lova blir endra på fleire sentrale punkt. Blant anna blir det no i langt større grad opp til dei næringsdrivande sjølve å velje kva dei vil kalle føretaka sine. Nokre omgrep blir også endra.

Omgrepsendringar

Omgrepet "firma" blir endra til "føretaksnamn". Som følgje av det, endrar lova namn til "lov om enerett til foretaksnavn og andre forretningskjennetegn (foretaksnavneloven)". "Enkeltmannsføretak" blir endra til det kjønnsnøytrale "enkeltpersonføretak".

Minimumskrav til føretaksnamn

Føretaksnamnet må innehalde minst tre bokstavar frå det norske alfabetet, jf. føretaksnamnelova § 2-1 første leddet. Bokstavane treng ikkje å danne eit ord eller å stå etter kvarandre. Det betyr at desse føretaksnamna vil bli godkjende: BJK AS, KL-T AS og AAA AS. I kravet om tre bokstavar ser ein bort frå føretaksnemningane. Det må med andre ord vere tre bokstavar i tillegg til AS, ANS, DA, KS, IKS osv. Bokstavane i føretaksnamnet må ikkje vere identiske med ei av føretaksnemningane som er ei anna enn den føretaket sjølv har.

Føretaksnamnet kan ikkje åleine bestå av namnet på eit land, eit fylke eller ein kommune, jf. føretaksnamnelova § 2-1 andre leddet. Namn på land gjeld både på norsk (bokmål og nynorsk) og andre språk. Fylke og kommunar omfattar berre norske og berre offisielle skrivemåtar. Det er likevel ikkje noko i vegen for å bruke slike stadnamn som ein del av føretaksnamnet, berre det består av noko meir. Dessee føretaksnamna vil til dømes bli godkjende: OSLO BIL AS, MC BERGEN AS og NOREG EIN AS.

Desse bokstavane, tala og teikna vil bli godtekne i føretaksnamn og registrerte:
  • Norske bokstavar: A-Å.
  • Mellomrom.
  • Ortografiske teikn: komma, punktum, utropsteikn, spørsmålsteikn, bindestrek, kolon, semikolon, skråstrek, apostrof, parentesar (dvs. '(' og ')' ), paragraf og &-teiknet.
  • Matematiske teikn: Siffera frå 0 til 9, pluss-, minus-, gonge-, divisjons-, likskaps- og prosentteiknet.
  • Bokstavar med aksentar og tødlar.
  • Med aksentar: À, Á, Â, È, É, Ê, Ì, Í, Î, Ò, Ó, Ô, Ù, Ú, Û, Ý.
  • Med tødlar: Ä, Ë, Ï, Ö, Ü.

Dersom ein nyttar andre bokstavar eller teikn enn det som er lista opp her, vil registrering bli nekta og ein får meldinga i retur.

Må ikkje vere identisk

Føretaksnamnet må ikkje vere identisk med eit føretaksnamn som allereie er registrert i Føretaksregisteret eller som blir registrert etter ei tidlegare innkomen melding, jf. føretaksnamnelova § 2-1 første leddet. Identisk vil seie heilt likt, medrekna alle bokstavar, mellomrom, tal og teikn. Ein ser likevel bort frå føretaksnemninga. Følgjande er såleis identiske: KARI AS og KARI ANS. Vurderinga av identiske føretaksnamn gjeld uavhengig av forretningskommune og bransje. Dei nemnde eksempla vil vere identiske sjølv om det eine føretaket ligg i Oslo og driv frisørsalong, mens det andre ligg i Tromsø og driv rekneskapsbyrå. I og med at identisk tyder nøyaktig likt, betyr det at ein bokstav, eit tal, mellomrom eller eit teikn er nok til å skilje. Ingen av desse blir sett på som identiske: THORFINN AS, THOR FINN AS, THOR-FINN AS, THOR & FINN AS, TRANSPORTSERVICE, TRANSPORT SERVICE.

Rettshavaren kan likevel gi samtykke til registrering av identisk føretaksnamn. Dersom det finst fleire identiske føretaksnamn frå før, må ein innhente samtykke frå alle. Samtykkeerklæringa må vere skriftleg og leggjast ved meldinga til Føretaksregisteret.

I tillegg må ikkje føretaksnamnet vere villeiande, stride mot lov eller vekkje harme, jf. føretaksnamnelova §§ 2-3 og 2-5.

Særskild om enkeltpersonføretak

I enkeltpersonføretak er ein forplikta til å ha med slektsnamnet til innehavaren i føretaksnamnet, jf. føretaksnamnelova § 2-2 første leddet, til dømes HANSENS BAKERI og BILVERKSTADEN OLE OLSEN. Ein er likevel ikkje forplikta til å ha med noko meir enn slektsnamnet til innehavaren. Til dømes kan HANSEN, MOAR OG ØVREGÅRD registrerast. Ved bruk av berre innehavaren sitt slektsnamn, er det ingen kontroll og nekting dersom det finst fleire identiske føretaksnamn. Det kan derfor bli registrert fleire HANSEN, OLSEN, NILSEN osv. Ved bruk av berre slektsnamnet til innehavaren er det også eit unnatak frå kravet om minst tre bokstavar eller forbodet mot namn på land, fylke eller kommune aleine. Dersom innehavar har eit av desse etternamna, vil det bli godteke som føretaksnamn på enkeltpersonføretak: LI, MO, ÅS, SKEDSMO, NORDLAND og SVEITS.

Føretaksnamnet til eit enkeltpersonføretak må ikkje innehalde noko anna personnamn enn namnet til innehavaren, jf. føretaksnamnelova § 2-4 første leddet.

Særskild om utanlandske føretak

Utanlandske selskap som registrerer seg i Noreg, kan bruke det same føretaksnamnet som dei har registrert i heimlandet, sjølv om det består av færre enn tre bokstavar eller vil vere det same som ein norsk kommune eller fylke eller namnet på eit land. Føretaksnamnet kan likevel ikkje registrerast dersom det inneheld andre bokstavar, tal eller teikn enn dei vi registrerer i Einings- og Føretaksregisteret, sjå opplistinga over. For namnet på verksemda i Noreg kan ein heller ikkje ta med den utanlandske føretaksnemninga dersom ho er identisk med ei vi bruker i Noreg. Dersom for eksempel føretaksnamnet på det utanlandske føretaket er COMPUTERSERVICE AS, blir føretaksnamnet på verksemda i Noreg COMPUTERSERVICE. Dersom ein vel å bruke eit anna namn på verksemda i Noreg enn det føretaksnamnet ein har registrert i heimlandet, må ein fullt ut følgje dei norske reglane.

Når oppnår ein rett til eit føretaksnamn og kva inneber retten?

Rett til eit føretaksnamn blir oppnådd frå den dagen ein tek namnet i bruk i Noreg eller frå den dagen meldinga kjem inn til Føretaksregisteret, jf. føretaksnamnelova § 3-1 første leddet. Rett inneber at ingen annan kan ta i bruk eller registrere eit identisk føretaksnamn, jf. føretaksnamnelova § 3-1 andre leddet.

Vern for føretaksnamn

For å ha vern for føretaksnamnet ut over identisk, må føretaksnamnet oppfylle krava til særpreg i varemerkelova, jf. føretaksnamnelova § 3-2 første leddet jf. varemerkelova § 14. Det vil seie at namnet ikkje utelukkande eller med uvesentlege endringar eller tillegg må gi uttrykk for vara (verksemda) sin art, utforming, mengd, formål, pris, tid eller stad for tilverkinga. Vern for føretaksnamn har den verknaden at ingen kan ta i bruk eit føretaksnamn eller varekjenneteikn som er så likt at det kan forvekslast med dette i den vanlege omsetninga, jf. føretaksnamnelova § 3-2 andre leddet. Vernet gjeld i heile landet, men ein må som hovudregel drive verksemd innan same eller liknande bransje, jf. føretaksnamnelova § 3-3.

Føretaksregisteret sin kontroll

Føretaksregisteret skal kontrollere dei såkalla absolutte registreringshindra, det vil seie at føretaksnamnet inneheld minst tre bokstavar, riktig føretaksnemning, ikkje er villeiande, i strid med lov eller kan vekkje harme. Vidare skal det kontrollerast at det ikkje er registrert noko identisk føretaksnamn utan at rettshavaren har gitt samtykke, jf. føretaksnamnelova § 2-7.

Føretaksregisteret skal likevel ikkje lenger føre nokon kontroll mot dei såkalla relative registreringshindra ut over identisk. Det vil seie at dei ikkje vil kontrollere om føretaksnamnet kan forvekslast med liknande føretaksnamn, varemerke, andre kjenneteikn, namn på kjend ideell foreining eller stifting, andre sine verna slektsnamn eller dei andre forholda som er nemnde i føretaksnamnelova § 2-6.

Klage/administrativ overprøving

Det er berre dei forholda som Føretaksregisteret fører kontroll med som kan klagast til oss med Nærings- og handelsdepartementet som klageinstans. Det vil seie at dersom Føretaksregisteret treffer vedtak om å nekte meldinga eller dersom ein meiner at det er gjort noko feil i forhold til dei absolutte registreringshindra eller at det låg føre ei identisk registrering som er oversedd, kan klage sendast til Føretaksregisteret som før, jf. føretaksregisterlova § 9-1. Derimot kan ikkje andre brot på dei relative registreringshindra, for eksempel føretaksnamn som kan forvekslast eller varemerke bli behandla av Føretaksregisteret. I dei sistnemnde tilfella må oppmoding om administrativ overprøving sendast til Patentstyret, jf. føretaksnamnelova §§ 3-6 og 3-7.
For å få meir info. om Patentstyret, kan du gå inn på www.patentstyret.no.


       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673