Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Elektronisk registrering av frivillig verksemd

Bokmål

Gjennom tenesta for elektronisk registrering kan du registrere og endre opplysningar om frivillig verksemd i Frivilligregisteret. Du kan også registrere opplysningar i Einingsregisteret, Føretaksregisteret, Meirverdiavgiftsregisteret og NAV Aa-registeret.

Tenesta kan brukast for:

  • Aksjeselskap
  • Foreining/lag/innretning
  • Stifting
Digital signatur

Løysinga er basert på signering av meldingar i Altinn. Det vil seie at dei som skal skrive under på meldinga, må signere digitalt før meldinga kan sendast til Brønnøysundregistra. Krav om digital signatur gjeld også erklæringar som ligg ved meldinga.

Det blir kravt at dei som skal signere, gjer det personleg. Personleg signering av Samordna registermelding i Altinn kan ikkje delegerast. Til dømes kan ikkje ein rekneskapsførar signere på vegner av innehavar i eit enkeltpersonføretak sjølv om rekneskapsføraren har fått delegert roller i Altinn.

Det går fram av registermeldinga kven som skal signere ho. Kvar signerat får automatisk oppretta ei signeringsoppgåve i meldingsboksen sin i Altinn. Meldinga blir ikkje send til behandling før alle har signert. Meir om signering.

Berre elektronisk

Denne løysinga kan berre brukast med digital signatur. Det tyder at alle vedlegg som skal følgje meldinga, må kunne lastast opp elektronisk, og alle som skal signere meldinga må kunne gjere det i Altinn. Du kan ikkje ta utskrift av meldinga og sende ho inn på papir.

Fordeler ved elektronisk registrering
Om tjenesten
Begrensninger
Veiledning - slik bruker du elektronisk registrering
Ofte stilte spørsmål
Begynn registrering

Tilbakemeldinger på den elektroniske blanketten kan du gi til support@altinn.no

Om det ikkje er mogeleg for deg å registrere elektronisk, må du nytte ein nedlastbar blankett.

       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673