Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Fordelar ved elektronisk registrering

Bokmål

For deg som brukar, er det mange fordelar ved å nytte elektronisk registrering:

  • Det er nok at ein person signerer elektroniske meldingar.
  • Retten til å signere på vegner av ei eining eller eit føretak kan giast vidare til andre personar – som tilsette, rekneskapsførar, revisor eller andre.
  • Du kan automatisk få fylt ut opplysningar som tidlegare er registrerte i Einings- og Føretaksregisteret, og som er offentlege.
  • Utfyllinga er enklare, du fyller berre ut dei felta som er nødvendige. Vala du gjer er avgjerande for det neste feltet du skal fylle ut.
  • Eigne informasjonsknappar fører deg direkte til hjelpetekstar for kvart felt.
  • Skjemaet har ein kontrollfunksjon som du kan aktivere når du vil. Dermed blir det lettare å oppdage feil eller manglar ved utfyllinga.
  • Det er mindre risiko for å få meldinga i retur.
  • Saksbehandlingstida for registermeldinga blir kortare.
  • Lavere gebyr for mange registreringar i Føretaksregisteret.
  • Mindre papir og postgang sparar miljøet.
  • Elektronisk registrering til Brønnøysundregistra er åpen heile døgnet. Du kan levere registermeldinga akkurat når det passar deg.

 

       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673