|
Rekneskapsregisteret er den viktigaste datakjelda for alle
som vil vite korleis den økonomiske tilstanden
er i norsk næringsliv. Innsendingspliktige
einingar skal kvart år sende inn årsrekneskap
og revisjonsmerknader til Rekneskapsregisteret innan ein månad
etter at det er vedteke av kompetent organ, seinast før 1. august for einingar med avslutningsdato i perioden 01.07.-31.12. og seinast før 1. februar for einingar med avslutningsdato i perioden 01.01.-30.06. Dersom ein rekneskap kjem inn for seint, skal eininga
betale forseinkingsgebyr.
Rekneskapsloven slår fast krava til innhaldet i årsrekneskapen, og det er den rekneskapspliktige sitt ansvar at regelverket er følgd.
Rekneskapsregisteret skal kontrollere
at alle nødvendige dokument er lagde ved ut frå dei opplysningane som ligg føre, og at årsrekneskapen
er vedteken av eininga sitt kompetente organ.
Rekneskapsregisteret tek vare på årsrekneskapane
i 10 år og gjer dei tilgjengelege for ettertida.
Rekneskapsinformasjon er av offentleg interesse og skal vere
offentleg tilgjengeleg. Årsrekneskap kan tingast
frå Brønnøysundregistra.
Dei mest aktive brukarane av Rekneskapsregisteret er truleg næringslivsjournalistane.
Registeret er også eit viktig hjelpemiddel for finansieringsinstitusjonar
og andre som vil gjere seg godt kjende med ein mogleg kontraktspartnar.
Rekneskapsregisteret gjev eit viktig kjeldemateriale til næringspolitiske
analysar for forskarar og studentar.
|