 |
Partiregisteret er eit register over politiske parti, i første
rekkje dei landsomfattande politiske partia. Partiregisteret
er i tillegg ope for alle parti som fyller vilkåra for
registrering.
Hovudformålet bak registreringsordninga er å gi
dei politiske partia høve til å skaffe seg einerett
til partinamnet. Partiregisteret kontrollerer at det ikkje
blir registrert nye partinamn som kan forvekslast med partinamn
som tidlegare er registrert i Partiregisteret, og at nye partinamn
ikkje blir forveksla med ideologiske omgrep andre parti historisk
og tradisjonelt er blitt knytte til. Nye partinamn skal heller
ikkje kunne forvekslast med namn på samepolitiske einingar.
Spørsmål om samepolitiske einingar kan rettast
til Sametinget.
Når eit nytt partinamn er registrert sender Partiregisteret
varsel til alle dei andre partia og til dei samepolitiske
einingane som då har høve til å klage på
registreringa dersom dei meiner ho ikkje skulle vorne gjort.
I ei eventuell klage skal påstand om språkleg
forvekslingsfare vere begrunna. Påstandar om at registreringa
støyter mot ideologiske omgrep som historisk er knytte
til andre parti, skal også vere begrunna.
For å registrere eit parti i Partiregisteret, må
partiet også vere registrert i Einingsregisteret.
Partiregisteret inneheld opplysningar om namnet, organisasjonsnummeret,
adressa og kontaktpersonen til partiet som er registrert i
Einingsregisteret. I tillegg skal Partiregisteret innehalde
opplysningar om partiet sitt utøvande organ
som etter vallova skal representere partiet overfor valstyresmaktene.
Ved førebuinga av val legg valstyresmaktene til grunn
dei opplysningane som er registrerte i Partiregisteret pr.
31. mars i valåret.
Spørsmål om Partiregisteret kan rettast til Opplysningstelefonen,
75 00 75 00.
|
 |