|
Hovudoppgåva for Oppgåveregisteret er å
halde aktuell oversikt over dei oppgåvepliktene næringslivet
har til det offentlege, og å finne utvegar til samordning
og forenkling. Målet er å hindre overflødig
innsamling og registrering av opplysningar, særleg av
omsyn til små og mellomstore bedrifter. Oppgåveregisteret
har oversikt over kva for opplysningar dei ulike registra
og etatane krev frå dei næringsdrivande og over
nødvendige løyve for næringsdrift.
Opplysningane den enkelte næringsdrivande gjev, blir
ikkje registrerte i Oppgåveregisteret, men i dei enkelte
etatane som før.
Oppgåveregisteret skal samanlikne skjema frå
ulike etatar. Dersom to eller fleire etatar stiller dei same
spørsmåla til same type bedrifter, skal etatane
samarbeide om å spørje berre ein gong. Oppgåveregisterloven
gjev etatane ei samordningsplikt. Oppgåveregisteret
har i tillegg oversikt over kva for løyve du må
ha for å drive verksemd innanfor ulike næringar,
og korleis du får dei nødvendige løyva.
I første omgang er registeret avgrensa til dei oppgåvepliktene
næringslivet har overfor statlege styresmakter. Etter
kvart skal også oppgåveplikter pålagde av
fylkeskommunale og kommunale styremakter kome med.
Av omsyn til personvernet kan ikkje alle opplysningar utvekslast
mellom ulike etatar. Berre etatar som sjølve har lov
til å krevje tilsvarande opplysningar direkte frå
bedrifta, kan få tilgang til data frå ein annan
etat.
Ved Oppgåveregisteret kan ei bedrift få svar
på ei rekkje spørsmål om eigne oppgåveplikter:
- Kva oppgåveplikter gjeld for meg?
- Kvar kan eg vende meg for å få eit bestemt
skjema og rettleiing?
- Kva for etatar får tilgang til dei opplysningane
eg sender inn?
Eit middel
mot offentleg skjemavelde
|