Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Lausøyreregisteret

Bokmål 

Lausøyreregisteret er eit tinglysingsregister for rettar og pant i lausøyre. Ei tinglysing medfører at retten, eller pantet, blir registrert som hefte på den personen eller det føretaket pantekravet rettar seg mot. Tinglysinga gjev rettsvern overfor kreditorar. Lausøyreregisteret er mest kjent som opplysningskjelde i samband med pantehefte på bruktbilar og andre køyretøy.

Ved Lausøyreregisteret gjennomfører vi rask og påliteleg registrering av pant og andre rettar. Det gjer at næringslivet i Noreg lettare kan sikre seg lån til nye investeringar med sikring i eksisterande verdiar enn i dei fleste andre land.

Er pantegjenstanden ei registrert motorvogn, er heftet knytt til registreringsnummeret. Dei fleste kjenner kanskje Lausøyreregisteret som opplysningskjelde i samband med pantehefte på bruktbilar og andre køyretøy. Mange har unngått å få gjeld frå seljaren med på kjøpet ved å kontakte Lausøyreregisteret.

I tillegg til motorvogner kan ein tinglyse pant i anleggsmaskinar, varelager, reiskapar og buskapar i landbruket m.m. Leasingavtalar for bilar og factoringavtalar (pant i kundefordringar) er andre døme. Lensmennene, byfogdane og kemnerane tinglyser pant ved tvangsforretningar.

Tinglysingar er offentlege, det vil seie at kven som helst kan få opplysningar om dei hefte og rettar som er registrerte i Lausøyreregisteret. Saman med opplysningar frå Føretaksregisteret og Rekneskapsregisteret kan ein pantattest frå Lausøyreregisteret gje eit godt bilete av til dømes ein potensiell kunde eller samarbeidspartnar.

Frå 01.03.2008 blir utleggstrekk og forretningar om ”intet til utlegg” registrerte i Lausøyreregisteret. Det er oppretta ein felles database for Statens innkrevjingssentral og dei ulike namsmaktene. Informasjonen i databasen vil bli send elektronisk frå namsmaktene til Lausøyreregisteret og vidare til kredittopplysningsbyråa.

I motsetning til tinglyste hefte i Lausøyreregisteret, vil det bli avgrensa innsyn. Lausøyreregisteret kan berre gi desse opplysningane til advokatar, finansinstitusjonar, inkassobyrå, kredittopplysningsbyrå, offentleg styresmakt og saksøkte/skyldnaren sjølv. Kredittopplysningsbyråa kan utlevere opplysningane vidare til kundane sine. Meir om utvida registrering av utleggsforretningar

 

       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673