Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Konkursregisteret

Bokmål

Konkursregisteret inneheld opplysningar om konkursbu og tvangsavviklingsbu som er opna etter 1. september 1993. Registeret inneheld sentrale opplysningar om kvart bu, blant anna kven som er eller har vore dagleg leier, styreleiar og revisor i eit konkursramma føretak, og om styreleiar, dagleg leiar eller innehavar har roller i andre føretak på tidspunktet for konkursopning.

Konkursregisteret blei oppretta som eit middel for å avdekkje og kjempe mot økonomisk kriminalitet. Gjennom Konkursregisteret kan bustyrarar, politi, domstolar og andre interesserte raskt skaffe seg viktig informasjon. Konkursregisteret kan også gi opplysningar om nokon har fått konkurskarantene. Tingretten kan gje ein slik karantene dersom ein person med skilleg grunn blir mistenkt for ei straffbar handling i samband med sjølve konkursen eller verksemda som har ført til konkursen. Konkurskarantene kan også ein person få som ved uforsvarleg forretningsførsel er funnen uskikka til å stifte, vere dagleg leier, styremedlem eller varamedlem i eit nytt selskap.

Dei aller fleste opplysningar i Konkursregisteret er offentleg tilgjengelege i fem år frå konkursavslutninga. For å få opplysningar frå Konkursregisteret må du ha eit organisasjons- eller fødselsnummer.

Alle konkursopningar og avslutningar blir kunngjorde på www.brreg.no og i ei lokal avis. Kunngjeringane står i Aftenposten på torsdagar og i alle andre aviser på fredagar. Kunngjeringane på Brønnøysundregistra sin nettstad ligg ute på nettet i eitt år for personar og tre år for selskap, etter konkursavslutning.

 

       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673