Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Utanlandske jegerar

Personar som ønsker å bli registrerte i Jegerregisteret og vere kvalifiserte til å drive jakt og fangst i Noreg, må som hovudregel gjennomføre og bestå jegerprøven.

Personar som er fast busette i utlandet treng ikkje å avleggje jegerprøven dersom dei kan dokumentere at dei oppfyller vilkåra for å drive tilsvarande jakt/fangst i det landet dei bur i. Dokumentasjon på dette kan sendast Jegerregisteret på e-post, telefaks, eller post. Utanlandske jegerar som oppfyller krava blir registrerte i Jegerregisteret, og får tilsendt jegeravgiftskort. Utanlandske jegerar må på line med norske jegerar betale jegeravgifta for å drive med jakt og fangst i Noreg. Gyldig kvittert jegeravgiftskort skal alltid takast med på jakt/fangst.

Ingen har høve til å drive storviltjakt med rifle utan at vedkommande har avlagd skyteprøve same jaktår. Personar som er fast busatte i utlandet treng likevel ikkje å avleggje skyteprøve dersom dei fyller krava til å kunne jakte storvilt i det landet dei bur i. Dokumentasjon på dette må kunne framvisast når det blir spurd etter det av politiet, Statens naturoppsyn eller lokalt jaktoppsyn som er godkjend av det statlege naturoppsynet eller har avgrensa politimyndigheit.

Informasjonsbrev til utanlandske jegerar på engelsk og tysk.

Jakt i Norge - Hunting in Norway - Jagen in Norwegen

Utanlandske jegerar kan betale jegeravgifta med Visa eller Mastercard for jaktåret 2012/2013 her: Jegeravgifta 2012/2013

 

 

 

Jegerregisteret, Postboks 905, 8910 Brønnøysund Telefon: 75 00 79 99 E-post:jegerregisteret@brreg.no

 

 

 

 





       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673