– Kva må jegerar som er busette i eit anna land gjere for å kunne jakte i Noreg??
Alle som skal drive med jakt og fangst i Noreg må vere registrert i Jegerregisteret og betale jegeravgifta. Personar som er fast busette i eit anna land kan bli registrert i Jegerregisteret dersom det blir dokumentert at dei fyller vilkåra for å drive med tilsvarande jakt og fangst i bustadslandet sitt. Dokumentasjon på desse og opplysningane om fødselsdato og postadresse blir sende til Jegerregisteret.
– Kan utanlandske jegerar som er busette i Noreg bli registrerte i Jegerregisteret?
Hovudregelen er at alle som skal bli registrerte i Jegerregisteret må gjennomføre og bestå jegerprøva. Utanlandske personar som er busette i Noreg kan bli registrerte i Jegerregisteret dersom dei kan dokumentere å ha gjennomført jegerutdanning i eit anna land som minimum tilsvarar den norske jegerprøva.
– Må jegerar som er busette i eit anna land avleggje storviltprøva for å kunne jakte storvilt med rifle i Noreg?
Personar som er busette i eit anna land treng ikkje å avleggje storviltprøva dersom dei fyller vilkåra for tilsvarande jakt i bustadslandet sitt. For eventuell kontroll må ein kunne dokumentere dette.
– Kva reglar gjeld for innførsel av våpen og ammunisjon til Noreg??
Reglar for innførsel av våpen til Norge
– Kva reglar gjeld for innførsel av hund til Noreg?
Personar som er busette i Sverige kan utan vidare ta med seg hund til Noreg. Personar busette i eit anna land må vise fram utfylt helse- og vaksinasjonsattest. Attesten skal vere på eit skjema som er utarbeidd eller godkjent av Statens dyrehelsetilsyn. Nærmare informasjon kan du få hos Statens dyrehelsetilsyn eller Landbruksdepartementet.

Jegerregisteret, Postboks 905, 8910 Brønnøysund Telefon: 75 00 79 99 E-post:jegerregisteret@brreg.no
|